Påmeldingsavgift kr 2.000,-
Påmeldingsavgifta blir for 2010 kr 2.000,- per lag. Dette blei bestemt i styremøte 18.10.2009.
I styremøtet var det god stemning, og planlegginga for 2010 er godt i gang. Det er mange som ventar på tilbakemelding i høve overnatting. Vi kan ikkje gi konkrete tilbakemeldingar på dette enda, men kan seie at vi ordnar overnatting til alle. Lærdal Hotell står som hovudkoordinator, og vi ber om at kontakten dykkar går til dei direkte vedrørande dette. Vi vil legge ut nytt om dette etterkvart som vi har fått dei ulike overnattingsstadene avklart og kabalen byrjar å gå opp.
Slik det ser ut no, vil vi i år introdusere turneringa vår også i Aurland. Aurland opna i 2009 ein ny flott hall som vi håpar å få prøve. Geografisk ligg Aurland på vegen frå Voss til Lærdal, og kunn Lærdalstunnelen står mellom dei to stadene Aurland-Lærdal. Dette reknar vi med å få avklart innan kort tid. Dette kan gjere til at vi ikkje spelar kampar så langt ut på kvelden fredag. Det kan då også bli eit alternativ å nytte eit flott hotell i Aurland som ligg i gangavstand til hallen, for overnatting, men dette vil vi i såfall komme tilbake til.
Mange gode alternativ er på gang, så speletid og overnatting skal det bli til alle!!