Vår «alles» Henry Øberg kjem til Veteranturneringa 2006 :-)

Henry Øberg
…då er det endeleg avklara.  Det er med stor glede nettsida kan meddela at Henry Øberg kjem til turneringa 27 og 28 januar.

Henry vart på eit vis «allemannseige» etter den tragiske hendinga under turneringa i 2004.

Sjeldan har me hatt så mange «treff» på ei nettside som me hadde i tida etter turneringa 2004. Ikkje berre deltakarar og involverte fulgte med, men me trur heile fotball-Norge fulgte spenninga frå dag til dag.

Henry og JorunnNettsida har snakka med Henry i dag.  Han fortel at han skal køyra saman med Ham-Kam laget til Lærdal.

Denne gongen får han desverre ikkje si kjære fru Jorunn med, sidan ho er oppteken med andre ting denne helga.

Henry gledar seg å koma tilbake hit.  Og eg trur eg har alle med meg når eg seier at me gledar oss veldig til å treffa Henry att.


Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Storm lovar oss strålande vèr til helga….

Frå
…Mange kan vel skriva under på at dei fleste år har den totale «Veteranturneringspakka» gått på «skinner».

Sjeldan har me hatt forsinkelsar av stor betydning.  Likevel hadde me for nokre år sidan kaos på vegane både i Aust og Vest.  Flesland er stengt maks ein gong i året.  Og det treffte for nokre år sidan akkurat denne helga.  Dei siste dagane har vèret langs kysten

vore «forferdeleg».  Her inst i fjorden har me i periodar vore heilt innestengt.  Dette er sjølvsagt faktorar me tenkjer ofte på når me skal arrangera turneringar der me ventar folk frå store delar av landet.

Utsyn mot
Nettsida har i dag snakka med «Storm», og slik som det ser ut no vil trenden at det vert klårvèr og nye høgtrykk til helga. 

Me håpar sjølvsagt at dette sler til ….då våre besøkande kan nyta den vakre fjellheimen vår i sin tur over fjellet.



Torunn Laberg på Austabotntind
Nettsida kjem til å ta kontakt med «Storm» att ut i veka, for å forsikra oss om at dei held det dei lovar.

På spørsmål om å få bruka bilete av vèrdamene deira, fekk me naturleg nok nei, då dei må godkjenna det fyrst.

Men like fint er det vel med bilete frå dei fantastiske fjella som omgjer Lærdal og Årdal.  Kanskje kan me lokka «trøytte fotballegger» hit ein tur somarstid også.  Her finst uttruleg flott natur å «traska» i.


web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Halvfeite karar frå Haugesund fryktar me ikkje…..

Einar Sæbø
…..seier Ingve Bøe på spørsmål frå nettsida om kven dei fryktar mest i turneringa.

Som me også kan sjå og lesa i «gjesteboka» er tidlegare Jotun spelar Einar Sæbø klar til turnering att.  Sæbø har slete litt med skade. Nettsida tippar at Sæbø har styrt unna fotball i sommar/haust halvåret.
…istaden har han nok dyrka sin store hobby «laksefiske».  Sæbø er ein «habil» fiskar

og kvir seg difor ikkje  å koma med uttalelsar i «Gjesteboka» når det gjeld laksefisket til Kjellien.

Thorstvedt og KroghNettsida har snakka med Ingve Bøe i dag. Og han er klar i sin karakterestikk av Haugesund.
«Ein gjeng med «halvfeite» karar fryktar me ikkje.  Om Brann seier han: «Kjellien har sikkert panikk i og med at han ikkje har levert lagoppstilling enno.»

Men som Ingve seier, størst av alt er banketten laurdagskvelden.  Det er den Viking har trena mest til.


I tillegg er det viktigast og delta, ikkje å vinna……, seier Bøe.  ……..Meinar han det skatru….???
Nettsida sit med ein misstanke om uansett kven det er, når laga er komne på parketten …..er det med livet som innsats….!!!!

Viking gledar seg stort til å koma neste helg.  Dei gler seg til å treffa att alle tidlegare lagkompisar og konkurrentar.
(så får me tola at me er litt spydige mot kvarandre i innspurten mot turneringa)

web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no



 


 

Kven scorar mest mål…??

Finale 2005 Brann - Viking..Som dei fleste sikkert har lagt merke til har det vore litt diskusjon i gjesteboka dei siste dagane.

Haugesund har kalla seg «sølvgutar».  Dette vart ikkje heilt populært hjå dei som eigentleg var «sølvgutar.»
…men, men til sjuande og sist er det den avgjerande scoringa som tel.

Nettsida har sett litt på scoringane frå turneringa i 2004 og 2005. Brann har som me veit gått sigrande ut av begge desse turneringane. Men kven har scora mest mål fram til sluttspelet??

Haugesund 2004: Scora 22 mål – Medan dei sleppte inn 7 baklengs mål. ( 4 kampar)
Viking        2004 : Scora 47 mål – Medan dei sleppte inn 8 baklengs mål.( 4 kampar)
Brann         2004: Scora 21 mål – Medan dei sleppte inn 8 baklengs mål. ( 5 kampar)

Haugesund : 4 kampar med siger i alle.
Viking        : 4 kampar med siger i alle.
Brann        :  5 kampar med 4 seier og eit tap. Tapte mot Tre Kronor.

Haugesund 2005: Scora 22 mål – Medan dei sleppte inn 4 baklengsmål. (5 kampar)
Viking        2005: Scora 11 mål – Medan dei sleppte inn 11 baklengsmål (5 kampar)
Brann        2005: Scora 16 mål – Medan dei sleppte inn 10 baklengsmål. (4 kampar)

Haugesund: 5 kampar med siger i alle.
Viking       : 5 kampar med 3 siger og 2 tap. Tapte mot Stordal og Haugesund.
Brann       : 4 kampar med 3 siger og 1 tap. Tapte mot Sogndal.

……..Så til publikum : Det er all grunn til å møta opp i dei to hallane turneringshelga.  Det manglar ikkje på underholdning og flotte scoringar….

Also turneringsstart 27. januar 2006.  For å sjå heile programmet går du i overskrifta på framsida og «klikkar» deg inn på kampoppsettet.


Vel Møtt !!!

Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Asbjørn Helgeland har «oppskrifta» klar…..

Asbjørn Helgeland
…Så er turen komen til at dei som kallar seg «sølvgutane» kan få presantera seg på nettsida.

Og me er enige i dèt….Haugesund har gjort gode turneringar i Årdal/Lærdal.

Dei har vore med og kjempa i toppen kvart einaste år.

…Men som nemnt tidlegare på denne sida er det dei avgjerande måla som tel.

Dette har gjengen frå Haugesund tenkt å gjera noko med i årets turnering….

Nettsida har i dag hatt ein hyggeleg «prat» med Haugesund sin primus motor Asbjørn Helgeland.  Som dei fleste sikkert kjenner til har den sympatiske «Haugesundaren» vore innom klubbar som Djerv1919, Vålerengen, Fyllingen, Haugesund FK og Ørebro SK.

Helgeland har tidlegare i veka fortalt i gjesteboka at taktikken til Haugesund er å kvila seg i form.  Når nettsida hadde sin koselege prat med han i dag, kviskra han noko anna i øyra mitt…….Men nettsida lova å halda tett og ikkje røpa for mykje.

På spørsmål om han frykta Viking og Brann så var svaret heilt klart. Haugesund er i knallform og vert ein frykta konkurrent for dei fleste.

Når det gjeld Brann……som Helgeland sa: «du veit, Kjellien e ein luring.  Sjølv om han misser eit par mann (Ødegård og Giske), har han sikkert nokon andre på lur».

Men ein ting er sikkert: Haugesund gledar seg veldig til helga i Årdal/Lærdal både til det sportslege og det sosiale.

Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Puljeinndeling og kampoppsett….

Me har no lagt ut link til puljeoppsett og kampoppsett. Framfor turneringar er det ofte uforutsette ting som skjer.  Lag trekker seg og nye kjem til.


….difor ber me om at det med jamne mellomrom sjekkar kampoppsettet, slik at de alltid får med dei siste oppdateringane.

Kampoppsettet finn du i overskrifta på framsida.

web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Lyngbø Sportsklubb med for fyrste gang i Veterancupen…

Lyngbø Sportsklubb
Lyngbø Sportsklubb er ein gjeng frå Bergen Vest som skal vera med for fyrste gang.

Kontakt Ove R. Fugelsnes fortel at dei gler seg stort til turneringa.

…både det sportslege og det sosiale.

Veterangjengen til Lyngbø er stor, og etter at dei fekk ny krøllgrasbane kan det vera opptil 30 stk. i aldersgruppa 33 – 60 på enkelte treningar.

På biletet øverst til venstre er: Bjørn Gundersen, Ove R. Fugelsnes, Jan Ove Stien, Sjur Joranger, Tore Lyngbø.
Nede til venstre: Svein Grasmo, Geir Kvamme, Eirik Kristoffersen, Frode Nilsen og Per Knudsen.

Tore Lyngbø kan ikkje vera med så han er bytta ut med Geir Mølholm som ikkje er med på biletet.

Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Trondheims-Ørn er klare…(iallefall til det sosiale)

Trondheims - ØrnTrondheims – Ørn sin kontakt, Tone Haugen har sendt oss dette biletetet frå 1989.  Det er ringa rundt jentene som tek turen til Lærdal.  Gerd Stolsmo er ikkje med på biletet, då ho la opp sesongen før.


Tone har dette å seie til nettsida:


 

«Trondheims – Ørn stiller med eit sosialt og geografisk spredt lag, som ikkje får ei trening saman før turneringa brakar laus. Spelarar frå Moss, Oslo, Asker, Bergen, Ålesund, Sunndal og Trondheim prøver å skjerpa seg og får sjølve ansvaret  å bygga opp «formtoppen» til lærdalscupen (kva no den toppen er, ha, ha…….).
Men ein ting er sikkert. Det sosiale står i høgsetet for denne gjengen….mange av oss har ikkje sett kvarandre på fleire år.
Me takkar for at me får delta på denne cupen og ynskjer alle ei FIN helg i Lærdal både sportsleg (hugs vinnarinstinktet ligg der uansett.  Om Ørn tek det heilt ut , får me sjå….), og ikkje minst sosialt. Me håpar sjølvsagt å koma lengst muleg og iallefall få ein kamp mot Klepp damene som me tapte cupen for i -89….Og da lovar me revansje….Gleder oss allerede.
HEIA ØØØØRRRRNNNN……»


Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Sandviken er som vanleg i siget…..

Manager Marianne Gjøen
Sandviken jentene med manager Marianne Gjøen  i spissen, er som vanleg klare til årets cup.



I år stiller Sandviken med 2 lag…..og her kan du lesa kva  kontakt person Mette Hammersland skriv til nettsida:

«Sandviken er som vanlig i siget, og vi gledar oss til Lærdalsturneringen 2006.  I år stiller vi med 2 lag, eit for dei «første» Sandviksjentene, og eit for dei yngre.  Fotballtrening har det som vanlig vorte lite av for oss.  Men dei sosiale treffa har vore mange og ofte ( og det er vel der me alltid har vore best).

Ser at Ørn og Klepp skryter litt av at dei kjem med NM lag frå -89, og me har difor funne det passande og sende NM laget frå -78(syttiåtte) det året kom vi på 3 plass i NM og blei KM(var ikkje nokke landsomfattende serie den gang vet dokkar!!!!) 6 av jentene er med til Lærdal.

På det fyrste laget vil Vivi Sandvåg, Mette Magnussen, Monica Birkelund, Tone Angletveit, Mette Hammersland, Laila Konglevoll, Solveig Toen og Kirsti Gytre spela.
Manager: Marianne Gjøen.

Sandviken Young sin lagoppstilling held me hemmeleg til det nærmar seg………»

Web-ansvarleg har motteke flott bilete frå NM laget frå -78.  Underteikna må endra litt bå bildeformatet før det veret lagt ut.  Men det vert publisert snart…..


Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no


 

Baune i full trening….??

Frå jentefotballens dag…….ikkje Baune jenter dette nei, men to fornøgde Jotun jenter som deltok på jentefotballens dag i Lærdal.  Bildearkivet vårt er dessverre ikkje godt nok, me håpar difor Baune jentene stiller opp til fotografering under turneringshelga om 14. dagar.

….Men «mail» frå Baune jentene har me fått…….

Mona Ludvigsen skriv fylgjande til nettsida:
«No er det berre 14 dagar  igjen til årets høgdepunkt.Bauneoldgirlsen er i full trening (dvs. 1 time pr. veke) og er veldig klar for årets turnering.På årets lag er det med 3 spelarar som i 1977 var med og starta opp jentefotballen i Baune, så det er ikkje mangel på rutine. VI GLEDER OSS !!!!»

Web-ansvarleg: Ruthl@indresognbil.no