Helsing frå Trondheims-Ørn v/Tone Haugen


 


Trondheims-Ørn har sendt oss ei veldig hyggeleg melding etter Veterancupen.  Meldinga er litt stor for gjesteboka, difor har underteikna fått løyve til å legga den ut på framsida.

Tone Haugen innrømmer at det er langt å reisa for å spela fotball…., men som ho seier …det er «jo bare gøy» 🙂

Klikk HER og de kan lesa helsinga frå Tone:


 


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Veterancup 2008 – godt dekka av media…


Veterancup 2008 er over for denne gang.  Kven skulle tru det vart ein slik suksess??? Vergudane spela ikkje på lag med oss, og berre nokre dagar før turneringsstart såg det heile «svart» ut. Alle fjellovergangar stengde og ufattelege mengder nedbør over heile landet.


….ja ein kan nesten tru han har kontakt med høgare makter «Mr . Flodsand» som han no vert kalla.  Makan til optimist skal leitast etter.

«Me får det til eller det ordnar seg det», høyrer me rett som det er frå denne «Hardanger-mannen» som år etter år har brukt ufatteleg med fritid på denne turneringa.
Sjølv om det krevst mange personar til å organisera ei slik turnering, er det ikkje tvil om at ein må ha personar som Roald i spissen. Det er nok heilt rett som Wiggo Hustad sa når Roald vart presantert under banketten laurdag.  «The one and only…..Roald Flodsand» !!!
 
Og det vert lagt merke til.  Ikkje berre har vi fått mange hyggelege tilbakemeldingar frå deltakarar og publikum, pressa har også berre gode ord å seie om den største Veteranturneringa her til lands.


Nedanfor er samla nokre linkar, der den som vil kan lesa kva dei skriv om turneringa.


Porten.no


Nrk, sporten


Nrk Sogn og Fjordane


Sogn Avis


Sogn Avis


Sogn Avis


FK Haugesund si heimeside.


Vif heimeside


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 


 

Meir bilder frå Veterancup



Her ser vi ei blanding av Trondhems-Ørn og Kaupanger.


Godt samarbeid – sportsleg og sosialt.


Foill pakke !!



Trondheims-Ørn fekk haik med Liverpool til Flesland, ombordstigning i bussen midt i verdas lengste tunell!! Tøff
opplevelse for ei av Ørnene med tunellskrekk 🙂



Liverpool med sjåfør Atle Sollesnes.  Her er dei framme på Flesland.




Foto Tone Haugen


Publisert av: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Turneringens beste dame og herre spelar 2008.


Bestemannspremiane som vart utdelt til beste dame og herre spelar under Veterancup i Lærdal var to flotte skinnstolar. Den beste damespelaren i 2008 turneringa vart Unni Håland Austerå. 


Unni spelte finale for Kleppdamene.  Som nemnt tidlegare slo dei Trondheims-Ørn 2-1 i finalen. 

Men håpar Unni får glede av den flotte stolen og at me ser ho saman med dei andre Klepp damene i 2009. Gratulerar med premien Unni !!




Den beste herrespelaraen under turneringa 2008, vart Gøran Sørloth.  Rosenborgveteranen har gjesta Veteranturneringa år etter år.


 


Jurien kunne fortelja at Gøran hadde spelt gode kampar heile turneringa.


 


Veterancup gratulerar!!


 


 


 


Nedanfor er nokre fleire bilete teke under veterancup 2008:


 



Brann laget 2008




IL Jotun Old-boys
Bak fråvenstre: Morten Brandsdal, Geir Nordnes, Ole Gunnar Hunderi, Ivan Øy
Framme frå venstre: Frank Øyre, Stig Ove Bruheim, Arnt Erik Henjum, Ove Reidar Grytbakk


 



Rosenborg sitt superveteran lag.




Old-Girls laget til Trondheims-Ørn. Her også med Rut Furebotn frå Kaupanger og Birgit frå Lærdal.


 


Publisert av Ruthl@mail.ardalsnett.no


Foto Steinar Kvigne www.porten.no


 


 


 


 

Vinnarar Veterancup 2008


Vinnarar av Veteranklassa 2008 vart (endeleg) Haugesund. 


Haugesund vann also over Ålseund med siffera 2-1.



I klassa for superveteranar var det Vålrenga med kaptein Erik Foss i spissen som stakk av med sigeren etter å ha slege Rosenborg 2-1 i finalen.


Vålrenga bar ikkje preg av den strabasiøse turen dei hadde for å nå fram til turneringa.


Vålrenga ankom Lærdal fredagskvelden etter å ha kome seg på eit tog frå Gol til Flåm.  Dei måtte såleis spela alle sine kampar laurdag.









I old boys klassa var det Tempo som drog i land sigeren etter å ha slege Jotun 3-2.


 


 



 



 I år som i fjor, vart det Klepp som drog det lengste strået i old girls finalen.  Dei møtte Trondheims Ørn og resultat vart 2-1 til Klepp.


 Nettsida kjem attende med meir info og bilete frå turneringa.


 For resultat kan det klikka dykk inn på linken»resultatservise» øvst til venstre på websida.


 


Det vart også utdelt bestemannsprisar. I veteranklassa gjekk den til Gøran Sørloth.  Me kjem tilbake med meir……….snart……


 


Publisert av : Ruthl@mail@ardalsnett.no
Foto: Porten.no – Steinar Kvigne


 


 


 


 


 

Liverpool spelte for fulle tribuner i Årdal


Det var fulle tribunar då Liverpool entra parketten i Årdalshallen i dag.  Arrangøren sørga for at Liverpoolsangen «You never walk alone» let frå høgtalaranlegget. 

Jotun Veteran hadde æra av å ha opningskampen mot heltane frå Liverpool.  Dommar i kampen var Inge Seglem, ihuga Ipswich supportar.  Han stilte på sidelinja i Ipswich drakt.  Han påstår også at John Wark vart «opplærd» i Ipswich før han kom til Liverpool og brukte teknikkane sine der.

I skrivande stund held sluttspelet på i Lærdalshallen.  Haugesund leiar 3-1 over Vålerenga i fyrste kvartfinale.


Følg med på «resultatservice». Linken ligg øverst til venstre på www.veterancup.no


Under er nokre av bileta som vart tekne i kampen mellom Liverpool og Jotun:






Undien jublar etter å ha sett inn eit mål mot Liverpool.



Rob Jones og den heldige auksjonsvinnaren Bjørn Melheim pustar ut på Liverpoolbenken.


 


 


Publisert av: Ruthl@mail.ardalsnett.no


Foto: Knut Bordal


 

Fyrste dag i Veterancup 2008, unnagjort


Trass i at vèrgudane har vore imot oss, har den fyrste dagen av Veterancup 2008 gått svært so bra.  Austlandslaga er enno ikkje komne over fjellet, men me håpar å ha dei på plass til turneringsstart i morgon.

Ein lokal Liverpool supportar sit no og ventar på at Liverpoollaget skal landa på Flesland.  Me håpar dei ikkje får ein altfor strevsam tur tilbake til Lærdal.

I Årdalshallen gjekk kampane etter skjema.  Me hadde eit par pausar imellom som følgje av at nokre av laga ikkje kom. 

I superveteran klassa er det Sogndal som ledar etter å ha vunne begge sine kampar. I veteranklassa har Lyngby, Rosenborg, Brann, Haugesund, Stord og Viking vunne alle sine kampar. 

Old-boys klassa er leia av Jondal.  Dei har spelt to kampar og vunne begge.  Tempo og Herand har spelt 1 kamp kvar og vunne desse.


I Old-girls klassa   er det fjorårsvinnar Klepp som tronar til topps med 3 spelte og 3 vunne kampar i dag.

I Årdalshallen hadde med ein uheldig mann frå Jølster som måtte til legevakta, med ein skade som sannsynlegvis er brote kragebein. 


I Årdalshallen startar me oppatt med fyrste kamp kl. 09.45 i morgon tidleg.


I Lærdalshallen bles ein det heile igang kl. 08.30.


Vel møtt!!


 


Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Bjørn Melheim, auksjonsvinnar



Ein av kompisane til Bjørn Melheim har dette å fortelja om den ihuga Liverpoolsupporteren frå Lærdal.

«Hei, bakgrunnen for dette er følgjande: Bjørn fylte 40 år rett etter
nyttår, men han fekk aldri noko ordentleg presang frå kameratane i
den anledningen sidan det som kjent er vanskeleg å kjøpe noko til den
som har alt.

Ein av kompisane tl Bjørn, såg saka om Liverpool auksjonen som skulle finna stad i forbindelse med Veterancupen, og tende øyeblikkeleg på idèen om å gjera noko spesielt for Bjørn.

Det trengdest mange bidragsytarar, for dette kunne bli dyrt.  Familie og kompisar vart kontakta, så var det heile i gang…At mange av dei involverte meinte at Liverpool definitvt var feil lag, fekk stå si prøve….no var det Bjørn som gjaldt.


Budgjevinga var roleg i starten, men det hardna til utpå kvelden i går. Det viste seg at ein konkurrent frå Hovedstaden var noko plagsom, men han gavseg til slutt.


Jubilanten vart intetanande oppsøkt i heimen i går kveld, og noko
fortumla innsåg han etterkvart at det ikkje var fanteri han vart fortald, men at draumen om å spela for Liverpool vart realisert.
Ikkje på Anfield, rett nok, men likevel


Det vedlagte biletet er teke i går kveld og viser ein oppglødd
jubilant med tanke på det som skal skje i helga. Kan faktisk sjå ut som
guten går med raude linser eller det kan vere draktfargen som speglar
seg…


publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Sjå kva Liverpoolspelar dei ulike sponsorarne får…..




Under linken Liverpoolnytt kan de no sjå kva spelar som bær dei ulike draktene med våre Liverpoolsponsorar på.


Tilsaman 9 sponsorar, har gjort det muleg å få legendane på plass til turneringsstart.


Kven desse sponsorane er, kan du sjå under Liverpoolnytt i venstre marg.

Ein av sponsorane, har  meldt seg som ein ihuga Liverpoolsupporter.  Det betyr at John Wark ikkje kjem til å ha sponsornamn å drakta.


Denne spelaren er nemleg sponsa av ein gåvmild  Årdøl !!!!!!


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Liverpoolsponsorar

Her kan du sjå kva spelar den enkelte sponsor har bidrege med:

Gooba.no får reklame på auksjonsvinnar

Lærdal Energi får reklame på Gary Gillespie

Dooria får reklame på Rob Jones

Atelier-Ekren får reklame på Paul Walsh

Sparebanken Vest får reklame på Jason McAteer

Norgeshus får reklame på Ronnie Whealen

Indre Sogn Sparebank får reklame på Bob Boulder

Hydro får reklame på John Durnin

John Wark blir springande rundt utan reklame, då han er blitt sponsa av ein gåvmild Årdøl med stort hjarte for Liverpool!!!!

Me gler oss til turneringa, og vil nytte anledningen til igjen å takke sponsorane som har gjort det mogeleg å få Liverpoollegendane til bygdene våre!!!

Ruthl@mail.ardalsnett.no