HamKam i rute til Veterancupen…..


Terje Kojedal har vore i kontakt med arrangøren og har sendt oss følgande orientering:


«Det står nok mer på spill for A-laget enn old-boys laget om dagen, og vi håper fortsatt at vi kan representere HamKam som et tippeligalag og ikke et Addecco-lag i neste års turnering. Vi satser i hvert fall alt på å komme oss over fjellet, og at værgudene vil medvirke til dette.


Noen av oss møtes faktisk også til trening en gang i blant, og vi håper derfor at våre sportslige prestasjoner skal bli bedre enn de har vært de siste årene (men det håper vi jo hvert år). Kvelds- og nattaktivitetene lover vi dog skal holde måll, i hvert fall hvis vi får lurt med oss Vegard! Av taktiske grunner må vi holde tilbake laguttaket noen uker til, dere må vente i spenning.


Vi gleder oss og ser frem til gjensynet med all ungdommen, og er selvsagt veldig på «høgget» etter fjorårets fiasko.


Mvh.


Terje


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett


 

Helsing frå Haugesund og Asbjørn Helgeland


Arrangøren har vore litt nyskjerrig på korleis Haugesund ladar opp til neste års turnering.  Dei har litt og leva opp til, sidan dei stakk av med den gjevaste prisen i 2008.


Oppladinga deire til Liverpool er også i full gang.  Her kan du lesa kva Asbjørn Helgeland skriv til nettsida.

·         Da er det drøyt tre måneder før det atter en gang braker løs i Lærdal.  Har blitt spurt om å sende en tilstandsrapport fra ”gullguttene” (iIkke sølvgutter nå lenger Ingve).  Det er ikke så ofte vi fra Haugesund har vunnet noe. 5 cupfinaler på Ullevål har alle endt med tap. 3 finaler på rad i Lærdal endte også med tap. At vi i år klarte å gå helt til topps, er nesten for et lite under å regne. De fleste av oss har levd på denne triumfen frem til nå. Nå er det imidlertid slutt. Første fellestrening ble gjennomført sist søndag.  Vi var en periode redde for at det skulle gå liv tapt. Ikke fordi at tempoet og nivået var så høyt. Nei,  mer fordi enkelte ikke hadde rørt seg siden turneringen i fjor, og når iveren overgår fysikken blir det som oftest trøbbel. Gangsperr og treningsverk har ellers preget oss de siste dagene. Regner med at det bare blir tyngre etter hvert. 





·         27.november setter vi kursen mot sjølvaste Liverpool! 5 dagers tur med Beatles, Everton og Liverpool i fokus. Jobber i disse dager med å spikre programmet for oppholdet. En av spillerne våre er onkel til en fremadstormende Everton-keeper, så vi håper på en omvisning i den leiren også. Ellers så blir det Liverpool-West-Ham, og jeg ser ikke bort i fra at en og annen Haugesunder tar turen til Manchester for å handle svartbørsbilletter til lokaloppgjøret mellom United og City som også går den helga. Har for sikkerhets skyld leid et hospits sammen med folkene bak Lærdalscup. 5 og 6 mannsrom. Kunne selvfølgelig valgt hotell, men en del av oss har satt sparepengene i fond, så da kan det være greit å kjøre en sunnmørsk variant. Håper bare ikke premiepengene fra Roald & co. er like malplassert for da sliter vi.


 


·         Ønsker dere andre lykke til med forberedelsene til neste års Lærdal cup.


 


·         Med sportslig hilsen


Asbjørn Helgeland


 


Nettsida takkar Asbjørn for infoen.


 


publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Bestilling av overnatting


Påmeldingane til Veterancupen strøymer på.  Arrangørane har fått mange spørsmål om overnatting og bestilling av rom.


Økonomiansvarleg minner  om at påmeldingsavgifta på kr. 1800,00 må vera betalt før de tingar rom.  Bankkontonummer finn de på sida for påmelding.


publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Langhus IL – old girls



Langhus IL – deltek for fyrste gang i 2009.  Nettsida har motteke litt info om laget.


Langhus spelar aktivt i serie i Oslo Fotballkrets. Tidlegare år har dei spelt i old girls serie, men i år var det kun 3 påmelde lag – så det vart Veteranserie.

Langhus blei seriemeistrar i år, ubeseira med /3 uavgjorte kampar og målforskjell på 91 – 25


Laget består av ein del lokale og stort sett tilflyttarar frå heile landet, som Tromsø, Trondheim, Ålesund, Toten, Sandnes, Kristiansand etc.  Alle har dei det til felles at dei storkosar seg med fotballen og ser på det som ei fantastisk nettverksbygging.  Damene trenar fast 2 ganger pr. veke, mandagar med Oldboys laget og torsdag inne i vintersesongen med god assistanse av deira trenar gjennom mange år, Bengt Ekelund.


Etter haustsesongen er det vanleg å avslutta med hyttetur på fjellet. Der dei kosar seg med turar, god mat og drikke, spel og trenarens fantastiske rebusar(konkurranser).


Veterancup ynskjer Langhus velkommen til turnering og håpar at de får ei flott sportsleg og sosial helg i Årdal /Lærdal.


 


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Fullt i old girls klassa.


 


 Det er no påmeldt 9 lag i old girls klassa.  Dei ansvarleg for damelaga i turneringa, seier til nettsida at dei set strek ved 9 lag i old girls klassa.


……men ting kan forandre seg, vi har opplevd før at lag av ulike grunnar har trekt  seg frå turneringa.  Sjølv om denne klassa no er «full», er det likevel muleg å stå på venteliste.

Det er berre å melde på lag på vanleg måte, og nettside redaktør set laga på «vent».  Om lag trekker seg, vert dei som har stått lengst på vent, bekrefta påmeldt.


 


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Vandrepokal, veteran damer.


Arrangøren har fått nokre spørsmål angåande vandrepokal i klassa for damer veteran.


Veterancupen har bestemt at, dei «nappa» du har i pokalen vert teke med over i veteranklassa.

Vandrepokal på damesida:

Då det er første året vi går vidare med veteranklasse, så bør det vere
mulig å vinne 3. napp i vandrepokalen ved seier i veteranklassen.



Då det er dei samme laga som har vore i old girls som no flyttar
til veteran, kan alle laga få ta med dei nappa dei har i vandrepokalen,
ved å flytte til veteranklassen i 2009. Det vil sei at fleire av laga
fortset jakta på napp nr 2 og 3! 

Laga som er igjen i old girls vil i utgangspunktet starte med
blanke ark;
trur ikkje det blir igjen lag der som har napp i vandrepokalen, og
ellers
kjem vel nye lag til. Om laga som er igjen har napp i vandrepokalen
eller
ikkje, har for så vidt ikkje noko å seie – den klassen fortset som
før.


 


Om noko skulle vera uklart, ta kontakt med: mona@kulturhus.no


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Nytt – på damesida, i turneringa 2009


Nytt i 2009 turneringa, er at det også vert veteran klasse på damesida.  Dette har tidlegare vore ettersurd, og ein ringerunde viser at vi ved neste års turnering kan arrangera både old-girls og veteran på damesida også.


Reglane for Old-girls vert dei same som tidlegare med aldersgrense og dei unntaka som gjeld.  I veteranklasse gjeld dei same reglane som for herrane.  Dvs at ein må fylle 40 år i løpet av kalendaråret.

Også her har vi sett 2 unntak:
Laga kan ha 1 under 40 år ute på bana til eikvar tid. Denne må fylle 36 eller meir i løpet av kalenderåret 2009.  Keeper kan vera under 40 år, men må fylla 34 år eller meir i løpet av kalendaråret 2009.


Det ligg an til å bli 6 lag i old-girls klasse og 8 lag i veteranklassa.


Reglementet for 2009 er ikkje oppdatert enno, men vil vera klart i næraste framtid.


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Påmelding til 2009 turneringa.




…Då er det endeleg klart for påmelding til neste års turnering.  Påmeldinga kan skje på samme måte som tidlegare år.


NB! Det er viktig at påmeldinga inneheld: Namn, telefonnummer og mailadresse til ansvarleg for laget.  Om ikkje påmeldinga DI vert bekrefta, kan det vere at du har gløymt nokre av desse opplysningane.

Det er også fint om de så snart som laget er klart, sender opplysningar om kven som skal spela på laget ditt.  Det gjer du på samme skjema som tidlegare.  Dette skjemaet ligg link til på nettsida.


…Då er det berre og «hiva» seg rundt.  Innimellom alle OL-sendingane – HUGS påmelding til Veterancup 2009 🙂


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Tippekonkurranse 2009



TIPPEKONKURRANSE FRAM MOT VETERANCUP : 30-31.januar 09.

Frå og med sønadag 1. desember, kan du vera med på «tippekonkurranse» fram mot Veterancupen i januar. Vi legg ut «bit for bit bilde» av profilerte fotballkjendisar som kjem til å delta på neste års cup.  Kvart bilde vert liggande i 5. dagar (ny versjon av bilde kvar dag).  Veterancupen lovar premiar til dei tre beste tipparane.

Reglane finn du her: 
19. januar 2009, kven er dette? Send til : rlaberg@visma.no


 

Veterancup, positivt for dei minste…


Som dei fleste kjenner til, er Veterancup no vorten ein av dei største turneringane til lands for Veteranar.  Veterancup som i år kunne feira 10 års jubileum, har sidan starten vorte eit digert dugnadsprosjekt.


Eit av formåla med turneringa er at dei tre arrangørklubbane Lærdal, Jotun og Åtil får tilbake midlar som kan utvikla den aldersbestemte fotballen vidare i regionen vår.
På biletet til venstre ser me eit av laga til Jotun som kvar år stiller opp med sine føresette på dugnadsarbeid for Veterancupen.

Dette laget kunne sjølv innkassera billettinntektene som vart solgt i Årdalshallen.  Laget fekk inn 5500,-.  Dette er ein flott dugnad som ikkje krev den heilt store arbeidsinnsatsen.  I tillegg til å selja billettar og halda vakt på tribuner, får dugnadsfolket anledning å sjå mykje god fotball.


Veteranturneringa har gjennom alle desse åra skaffa seg mange kontaktar i fotball-Norge.  Noko som heilt sikkert vil vera positivt for den aldersbestemte fotballen i regionen.  For 2 år sidan arrangerte Veterancupen gratis fotballskule for dei tre arrangørklubbane.  Eit svært populært tiltak, som me håpar vert gjennomført fleire gonger.


Den aldersbestemte fotballen er glad for at næringsliv og andre sponsorar støttar Veterancupen, då overskotet her går rett tilbake til dei yngste i fotballen.


Publisert: Ruthl@mail.ardalsnett.no