Jølster er klare for turnering att….


Jølster er ein fin gjeng som trenar saman 2 ganger pr. veke året i gjennom.  Det har dei halde på med sidan den nye kunstgrasbana på Vassenden i Jølster var klar i 2005.  Og på dette laget er det møteplikt.  Gutane fortel at det er kun si eiga gravferd som er gyldig grunn for ikkje å møta….. 

Jølster er mellom 10 og 20 mann på alle treningar uansett vèr og vind.  Laget er faktisk regjerande kretsmeister for oldboys (7 ar).  Det har ikkje vore KM for old-boys dei siste to åra, så Jølstringane nyt synet av pokalen enno.  Dei håpar at fleire lag melder seg, slik at det er muleg å ha turnering til sommaren. Det er berre å grave fram skoa, koma seg ut å trene og melde på lag.


Jølster ser fram til veterancup og håpar på litt betre resultat enn i fjor.  Då reiste dei til Årdal/Lærdal med for få spelarar.  Dei miste to spelarar fyrste kampen, og måtte difor ut på markedet…..for å leige folk.  Jølstringane var svært glade for at ein av funksjonærane (norsk folkehjelp) stilte opp som keeper.  Ei stor takk til Stian Listhaug for det 🙂  I år stiller Jølstringane med dobbel dekning.  Laget består av mange Liverpool supporterar, men også to ihuga Leeds supporterar. 


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Don Hutchison


Don Hutchison starta karriera si i Hartlepool United som «trainee», men vart fort flytta til Liverpool i 1990.


Hutchison har også spelt for Everton.  Der var han ein viktig spelar og kaptein før han vart solgt til Sunderland i juli 2000.


I 2001 signerte han for WestHam United. 

Elles har han vore innom klubbne Millwall, Coentry (utlån) og Luton Town.

Vinnar av tippekonkurransen er Rut Loftesnes – Kaupanger

Rut i midten (blå genser)
Da er det avgjort!!  VINNAR av tippekonkurransen som har pågått sidan 1. desember, vart Rut Loftesnes, frå Kaupanger.  Årdalsjenta som har hatt fotball som sin store hobby sidan ho som liten måtte bryna seg på bana saman med gutane.  Rut fatta interresse for fotballen lenge før resten av jentene i Årdal oppdaga den. Rut flytta til Sogndal for vidare skulegang.  Kaupanger hadde jente-/damelag og der har ho spelt  sidan.
Me gratulerar Rut med fyrste plassen.  Totalt 44 poeng!

Damene har vore best i denne konkurransen.  På delt andre plass har vi, Astrid Tjosevik Staff og Unni Håland Austerå. Dei enda på 42 poeng.


Og så da……endeleg ein mann på tredje plass.  Og Mannen med stor M er ingen anna enn den eminente keeperen til Brann, Terje Hovdenak som no er degradert til å passa på laget frå sidelinja.  Det viktigaste for Terje var nok å «knusa» broren Kjelli i konkurransen.


……..og det klarte han.  Terje enda konkurransen på 41 poeng.  ( Kjelli på 36 🙂 )


Premiane vert overleverte under turneringa i slutten av månaden!!


Takk til alle som har delteke, for ein flott innsats !!


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

NB!! Bankett Lærdal Hotell

Viktig melding !!  Dei tilreisande fotball-laga som ikkje bur på Lærdal Hotel som ynskjer å delta på banketten må: 
Kontakta Lærdal Hotel for bestilling og betaling av bankettbillettar.

Ta kontakt på mail: okn@strynhotel.no

Veteran-Glimt, Trond Egil Soltvedt



Namn: Trond Egil Soltvedt – Brann


4 A-landskampar

Kva for klubbar har spela på i di aktive karriere? Og kva er høgaste nivå du har spela på?
Dale, NyKronborg, Viking, Brann, RBK, Coventry, Southampton, Sheffield Wednesday.
Premier League, Champions League.

Kan du trekke fram spesielle høgdepunkt frå karriera di?
Siger over Milan på San Siro


Kor ofte trenar / spelar du fotball?
4-5 gonger pr veke.

Kor mange ganger har du vore med i Veterancup?

Dette vert 5 året.

Kvifor er du med på Veterancup?
Fint arrangement.  Kjekt å treffa att både mot, og medspelarar.  Og konkurrera er alltid moro.


Blir det nokon spesialtrening under oppkøyringa til Veterancup?
Nei

Kven meiner du er favoritt i di klasse, og kvifor?
Tøff pulje.  United er favoritt. Favoritt: Haugesund, Ålesund og RBK i veteran. Trondheims Ørn eller Klepp hjå veterandamene.

Forventningar?
Gå vidare. Minst til semifinale.


 


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no



 

Bli med på auksjon!

No kan de vera med på Veterancup-auksjon. Vil du spela på lag med ManU er linken her.
Vil du spela på lag med Liverpool,
er linken her. Vil du by på signert ManU drakt, er dette linken.  Signert Liverpool drakt kan du by på her.
 Ved å trykka på linkane i teksten over, kan de til ei kvar tid fylgja med på korleis auksjonen går. Og det beste av alt……de kan
bli med å by, og kanskje vera blant dei heldige som får spela på favorittlaget………..


==========================================================================

Bryan Robson



Bryan Robson kjem til Årdal / Lærdal siste helga i januar.  Han er for dei fleste kjend frå Manchester United si midtbane gjennom mange år.

Robson spelte og 90 landskampar for England. 

Bryan Robson vart umiddelbart ein av Manchester United sine viktigaste spelarar. Hans spesielle kjennetegn på bana var at han var tøff i duellar, hadde godt blikk for spelet og la utmerka pasningar.


Han blei også ein av spelarane som supporterane holdt tettast til brystet.
Var også sjølvskreven kaptein både på klubblag og landslag.  Robson starta karriera si i West Brom. 1974, der han hadde 198 kampar og 40 mål. For United hadde han 345 kampar og 74 mål.


Konkurransen er avslutta…kontrollteljing pågår :-)



Tippekonkurransen er avslutta.  Kontrollteljinga skal visa kven som har gått til topps.
Til «topps» i konkurransen, ikkje på «Storen» som bilete viser….

Det har vore nær 40 aktive tipparar i sving sidan 1. desember.  Vi kan avsløra at «jentene» har vore flinkast….., men på ein sterk tredje plass (før kontrollteljing) har vi ein kjekk Bergensar (og tidlegare keeper) 🙂 🙂 )


Me kjem tilbake med poengsummane så snart kontrollteljinga er ferdig.

Publisert:ruthl@mail.ardalsnett.no


 


 


 

Veteran-glimt, Per Egil Ahlsen – Fredrikstad


Namn: Per Egil Ahlsen – Fredrikstad
54 A-landskampar

Kva for klubbar har spela på i di aktive karriere? Og kva er høgaste nivå du har spela på?
Fredrikstad, Brann, Fortuna Dûssedorf.
Bundesliga

Kan du trekke fram spesielle høgdepunkt frå karriera di?
Cupfinale 1984 Fredrikstad – Viking 3-2 (etter omkamp)


Kor ofte trenar / spelar du fotball?
«Rykk og napp»

Kor mange ganger har du vore med i Veterancup?
4 ganger

Kvifor er du med på Veterancup?
Det sosiale. Treffer mange, gamle kjente.  Gøy å spela turnering.


Blir det nokon spesialtrening under oppkøyringa til Veterancup?
Nei….spelar oldboysfotball ein gang i veka i hall.

Kven meiner du er favoritt i di klasse, og kvifor?
Vanskeleg å seie.  Kanskje FFK eller RBK i 50+

Forventningar?
Gjera det betre enn tidlegare, truleg stiller FFK med eit betre lag dette året enn tidlegare.
Vert artig å møte Brann.

John Durnin


John Durnin (1965) midtbane spelar

1986 -1989 : Liverpool
1988: West Brom (utlån)
1989-1993: Oxford United
………..
Avslutta karriera i 2004.


Durnin spelar no fast på  «master laget» til Liverpool.