Veterancup støttar aldersbestemt fotball


Veterancup har i desse dagar delt ut kr. 60.000 i støtte til aldersbestemt fotball i regionen.  ( Jotun, Åtil og Lærdal). Heile Veterancup er eit stort dugnadsprosjekt frå start til slutt.  Det er ufatteleg mange som gjer ein stor innsats både før, under og etter turneringa. 


Det er bestemt at ved overskot i turneringa, skal ein del av det delast ut til aldersbestemt fotball. 

Idrettslaga syter både for vakthald og organisering av kiosk. I Jotun er ein del av dugnadspengane øyremerka Norwaycup. Veterancup ynskjer å takka alle som legg ned ein innsats rundt turneringa og håpar at det vert overskot  til utdeling kvart år.


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Transport

                                         


Dei som skal vere med på oppsette bussar til/frå Veterancup MÅ melde frå til transportansvarleg i god tid og snarast muleg!!
 Bussar til veterancup fredag med retur søndag, vil ha følgjande avreisetidspunkt:LES MEIR OM TRANSPORT PÅ TIDLEGARE UTLAGT INFO.

SJÅ HER

 


 


Frå Bergen til Lærdal fredag:


09.00  Flesland


11.00  Bystasjonen


12.15  Flesland


Til Bergen søndag:  kl 10.00 og kl 11.00


 


Frå Oslo til Lærdal fredag: kl 09.30


Frå Lærdal til Oslo/Fredrikstad søndag: kl 10.00

Lærdal Kommune ynskjer velkommen


Lærdal Kommune ynskjer velkommen til Veterancup 2010.  I forbindelse med arrangementet ligg det vedlagt reglar kring uteområda rund Idrettshallen og Skulen.
Sjå vedlegg her:

Nettsida har snakka med Svein Inge Thime



For å avvikla ein fotballkamp treng ein som kjent to lag og ein dommar.
Me har teke ein prat med ein av landets aller mest rutinerte dommarar, Svein Inge Thime.
Svein Inge har dømt nær 200 kampar på øvste nivå her i landet over ein periode på 18 år.


. I tillegg har han om lag 100 internasjonale kampar fordelt på 15 år. Han var utteken til OL i Moskva i 1980 men måtte bli heime som fylgje av den norske boikotten av leikane der. Han er også rutinert i veterancupsamanheng; dette er 10. gongen han er med.


Svein Inge er full av lovord om Veterancupen og staben kring arrangementet. Ein får oppleva mange kjende lag i eit triveleg miljø. Fotballkvaliteten har auka år for år, og Svein Inge seier at han gler seg når han ser at vinnarinstinktet i 50+ klassen er minst like kraftig som i gamle dagar. Han trekkjer og fram mangfaldet i turneringa der femtedivisjonslag frå Sogn kan møta cupvinnarar frå Brann.


Når det gjeld dei utanlandske laga, derimot, er han meir forsiktig med superlativa. Han er full av skryt over Lyngby, medan han meiner at dei engelske innslaga har bore preg av litt mykje «publag», i alle høve har dei ikkje heva kvaliteten etter Svein Inge sitt syn.


Sist, men ikkje minst, trekkjer Svein Inge fram damelaga som ein svært viktig miljøfaktor under turneringa. Veterancupen fekk ein ny dimensjon då damene gjorde sitt inntog, både sportsleg og sosialt.


Me ynskjer Svein Inge velkomen til nok ei turnering.

For nettsida: Lars E. Torsnes


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Ham Kam på plass at i Veterancup


HamKam er eitt av  dei laga som verkeleg er veteranar i cupen i Lærdal/Årdal og frå i år også Aurland.  Me har hatt ein prat med Terje Kojedal,
og han fortel at laget har vore med alle gonger unntatt to.

Dei er klar for innsats siste helga i januar og  er, som alltid, optimistar. Dei har, i følge Terje, eit godt lag med ei fin blanding av gamle og litt yngre.  Fin balanse i laget, altså.


HamKam sine forventningar til cupen er å ha det moro i alle faser av helga.  Det sosiale er det viktigaste, sportslege resultat er ein fin bonus.  God trivsel er ein føresetnad for gode prestasjonar.


Som vanleg når me spør om gode grunnar til å vera med i Veterancupen, så trekkjer også  Terje som nemnt fram det sosiale.  Laget kan samlast ei heil helg til fotball og festleg samvær.  Ein treffer gamle kjende, både med- og motspelarar.  Sist, men ikkje minst, er cupen ein fin motivasjon til trening om vinteren.  Terje & Co spelar 7-er fotball i serie i sommarhalvåret.


På spørsmål om favoritt i klassen seier Terje at han ser Vålerenga som eit lag som kjem til å enda heilt i toppen.


Me ser fram til eit hyggeleg gjensyn med laget frå Mjøsas bredd!

For nettsida. Lars E. Torsnes


publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Liverpool ikkje til Veterancup likevel.


..desverre har vi no fått melding om at Liverpool likevel ikkje kjem til Veterancup. Liverpool laget skal delta i ein cup i Tyskland samme helga.

Dette er svært beklageleg, men det vert jobba med å få tak i eit anna engelsk topplag.

…………………sjølv om ikkje Liverpool kjem, vil vi likevel ha ein kjend Liverpool profil med oss på Veterancup.



Tidlegare Liverpool spelar Stig Inge Bjørnebye kjem til Veterancup i slutten av januar. Det er  Espen Hoff, ein av lagleiarane på Strømmen som seier dette til nettsida.

..Stig Inge er endeleg gammal nok, seier Espen 🙂

Etter laglista til Strømmen å dømma, stiller dei i år med godt mannskap.  Strømmen er i pulje med Ålesund, Brann, Rubbestadneset og Jølster.


Publisert:ruthl@mail.ardalsnett.no

rlaberg@visma.no


 

Rubb IL Veteran deltek i Veterancup for andre gang


Rune Kvernenes frå Rubb IL har vore i kontakt med nettsida.  Fyrst ynskjer han å ønska alle eit godt nyttår!.  Rubb er godt i gang med førebuingane til Veterancup.

Dei har ein tropp på åtte mann av ein stall som består av 25 stk. oldboyser.  Veterancup i Lærdal er det store målet kvart år.

Det er kanon både sportsleg og sosialt.  Han ynskjer å gje ein stor honnør til arrangørane som han tykkjer gjer ein kjempejobb,


Rubb IL ønsker alle lag ei god oppkøyring fram mot Veterancupen.  Rubb IL er i rute.  Pasning, løp og mottak er på plass….det gjenstår berre å bevisa.
Vidare ønsker dei alle lag ein god tur og ber dykk køyra forsiktig.


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Litt om Transport!


I år som tidlegare år, vert det sett opp bussruter frå austlandet og vestlandet til Lærdal, fredag morgon.

Det er planar om ein buss går frå Fredrikstad kl 07.40 fredag morgon, som vil vere i Oslo ca 09.30.
Her er det mogeleg å tinge plass på vegen.

På søndag morgon vil bussen gå i retur til Oslo og Fredrikstad  kl 11.00. Tur-/retur Oslo, inkl interntransport i helga kostar kr 650,- pr. person. Ta kontakt dersom de ynskjer å vere med.


Frå Flesland og Bergen sentrum (bystation) vert det sett opp fleire bussar til Lærdal på fredag.  Det vert lagt opp til at fyrste bussen frå Flesland går kl. 09.00.  Den siste bussen frå Bergen vil truleg gå kl. 11.00.  Tur-/retur Bergen kostar kr. 550,-. Ta kontakt dersom de ynskjer å vere med.


Sønadg morgon vil bussane returnere i tidsrommet mellom kl 10.00 og 12.00.


NB! Tidspunkta kan bli endra.


Under turneringa vil det verta sett opp bussrute mellom Lærdalshallen og Lærdal Hotel, med avgang frå Lærdalshallen kvar heil- og halv time.


I tillegg vil det bli sett opp bussruter til Tangenhallen og Årdalshallen fredag kveld og laurdag for dei som har bestilt transport.


Spørsmål angåande transport, kan rettast til Harald Stadheim; hst@ardal.kommune.no eller til Rune Bolstad; Rune.Bolstad@1881.no


 


Publisert: Ruth Laberg, Ruthl@mail.ardalsnett.no

Andy Cole ( Manchester United) klar for Veterancup !



Lynraske Andy Cole, fødd i Nottingham er klar for Veterancupen.  Han har spela i fleire Premier League klubbar.


Da han i 1995 vart seld frå Newcastele til Manchester United for 8. mill pund, var han den dyraste engelske fotballspelaren nokonsinne.


I sesongen 1993-94 var han toppscorar i Premier League.  Etter at han gjekk til Manchester United var han med og vinna ligagull 5 gonger.

Cole starta i Arsenal i 1990.  Har vore innom Fullhm, Bristol City, Newcastle, Blackburn, Fullham, Manch.City, Portsmouth, Birmingham, Sunderland Burnly.  Han avslutta karriera i Nottingham 11. novmber i 2008.

Dette lovar godt for turneringa som vert sparka i gang om knappe 3 veker 🙂


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no



 


 

Aurland tilbake i Cupen…




Aurland I.L. er tilbake i Veterancupen etter nokre års fråvere. Ikkje nok med det; i år stiller dei også
på arrangørsida med den flunkande nye Aurlandshallen.


Me har teke ein prat med primus motor, Arve Tokvam. Arve fortel at dei ikkje gjer noko spesielt i forkant av cupen, men at dei trenar jamnt gjennom heile året. Dei har ikkje så alt for mange spelarar å ta av, men det kjem opp nokre «ungfolar» som kanskje kan sikra rekrutteringa på sikt.


Arve nemner ein del gode grunnar for å vera med i Vewterancupen. Det er veldig kjekt sosialt, og det er flott med fotballturnering for folk som er skikkeleg turre bak øyro. Det er også sjølvsagt stas å vera med når dei har fått eigen hall, og aurlendingane hadde nok sett pris på om det kunne bli lagt ein eller fleire kampar med utanlandske lag til deira nye storstove.


Arve nemner Lyngby som ein favoritt i Veteranklassen. Av eigne ambisjonar er han nøktern realist. Laget har litt få spelarar, så hovudambisjonen er å ha det kjekt og møta gamle og nye fjes siste helga i januar.


Me ynskjer Arve & Co velkomne til Veterancup, og lukke til med kampane i eigen hall!

For nettsida: Lars E. Torsnes


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no