Julekalender 2010


Tradisjon tru, lyt vi også i år ha ein «konkurranse» fram mot veterancup.  I år vert det tradisjonell julekalender med nye «luker» kvar dag.  Frå 1. desember vert det lagt ut eit nytt spørsmål.  Svarfrist er ved midnatt den dagen spørsmålet gjeld. 


Svar kan sendast til : larseto@hotmail.com eller sms: 908 81 267
Lukke til 🙂

Onsdagsportrett, 1. desember: Mette Hammersland


Nettsida har fått inn epost intervju frå Mette Hammersland.


Navn Mette Hammersland
Klubb I.L.Sandviken
Klasse i veterancup- kvinner veteran

Kva lag har du spela for gjennom tidene?
I.L. Gneist og I.L.Sandviken

Kva er dine beste minne frå fotballkarriera?
Det var at vi fikk lov å spille fotball i 1976 – det var ingen selvfølge
…og det største høgdepunktet? Det var som leder for I.L.Sandviken fotball kvinner , Norgesmestre i 1995.

Kva er den verste/mest skuffande opplevinga på fotballbana?
Det meste er fortrengt – men vi har jo tapt noen kamper litt vel mye i Vetereancupen – det har vært slitsomt å tape 12-0 lørdag morgen kl.07.30!!!

…nokon svært morsomme eller pinlege?
Min 1 A kamp for Sandviken – jeg scorte selvmål og vi tapte en kampen 1-0 (for et mye dårligere lag), er nok min pinligste minne. Har nok langt flere morsomme minner enn pinlige.

Kva ville du ha endra på av fotballreglar om du var ’heilt sjef’?
Har jo hatt den muligheten – og er ganske fornøyd med den fleksibilitet vi i Norge har fått til i breddefotballen. Tror at det er med å gjøre fotball til en sport for alle (dyp politisk betrakning) Ellers er jeg nok mer opptatt av å forbedre de økonomiske forhold for Toppfotball kvinner i Norsk fotball, enn regler.

Kvifor til Lærdal på Veterancup?
For det er utrolig kjekt sammen med ”gamle” lagvenninner + treffe andre kjente. Både fotballen og det sosiale er gøy!

Kven er favoritt i Lærdal 2011?
I vår klasse er det Arna/Bjørnar og Klepp.

Filtball eller futsalball?
Futsalball

Kva skal til for at ein vanleg fredagskveld blir ein GOD kveld hos deg?
Fin musikk og gode venner.

Fredag 28. januar blir ingen vanleg fredagskveld! Men tradisjonen tru, skal den bli både god, glad og artig!
Velkommen til Lærdal siste helga i januar!

God helg!

Fredagsportrettet 26. november




Ham Kam spelar Vegard Skogheim er fyrste mann ut i «fredagsportrettet». Skogheim har delteke i dei fleste Veteranturneringane i Lærdal/Årdal.

Mona har hatt ein prat med Vegard.  Sjå intervjuet her:

Vegard har hatt ei lang fotballhistorie.


Klikk deg inn på linken og bli kjend med karriera til Vegard Skogheim, her.


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no
Foto: henta frå google.

Fredagsportrettet !



Kvar fredag fram mot Cupen vert det lagt ut «nettintervju» med tidlegare og nye deltakarar.

Fyrst ute er ein av deltakarane på vinnarlaget 2010.  Sjå meir fk fredag.

Transport mellom hallane.


NB: Viktig melding frå transportansvarlege:

Dersom noko av dykk skal spela på både 40 og 50 + lag, eller oldgirls og veterangirls, må de sjølv sørga for transport mellom hallane der kampane er oppsette.

Ved spørsmål, kontakt transportansvarleg.

Lag til Veterancup 2011


Spelarlister

Me oppmodar lag om å sende inn navnelister no!
Under klubbnavn skriv de ned alle spelarane som skal vera med og fødselsår. Skriv også ned kontaktperson og telefonnummer til denne, som de kan nåast på framover og iløpet av veterancuphelga.

Listene finn de under ’Påmeldingsfana’ – VIKTIG at de fyller informasjonen på akkurat det skjemaet! Listene blir skrivne ut og brukte i sekretariatet under kampane. Endring av listene kan de sjølvsagt gjera heilt fram til turneringsstart.

Førebels vil vi kunn bruke lista til å fylle info under det påmeldte laget på heimesida, slik at engasjerte spelarar allereie no kan sjå kven som skal møtast til duell!

Ledig plass til fleire lag

Somme klassar er fullteikna. I superveteran (50+) ser vi gjerne at det melder seg på 2 lag til. Så oppfordre lag de kjenner i denne modne aldersgruppa, til å hive seg med!


I dei andre klassane er det no fullt. Men vi oppfordrar likevel lag som er interesserte om å melde seg på. Av erfaring veit vi at ’ting skjer’ fram mot siste helga i januar. Lag trekker seg eller vi kan vurdere å ta med fleire lag, etter kvart som vi ser korleis ting lagar seg.



Engelske lag


Fleire engelske lag er interesserte i å få delta i veteranklassen siste helga i januar. Styret har valgt å gi klarsignal til 2 klubbar som ikkje har delteke tidlegare. Om desse blir klare, kan det bli ny spenning i hallane! Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart.


Publisert: mona@sognenett.no


 

Futsalball i 2011 ??



Nokre lag har sendt førespurnad og ynskje om at vi frå 2011 brukar Futsalball i Veterancup.

Kort oppsummert kan vi sei at ein Futsalball er spesiallaga til innandørs fotball. Ballane sprett ikkje lenge før dei ligg på golvet:




UEFA og FIFA sine krav for at ein ball skal kunne brukast i match går hovudsakleg på storleik, form, vekt og spretteigenskapar. Ein futsalball kan kanskje kjennast vanskeleg å spela med dei første gangene på grunn av responsen i ballen. Men ein oppdagar kjapt at det er desse ballane som er best når det kjem til kontroll. Kontroll og teknikk er nokon av dei viktigaste eigenskapane når ein snakkar om futsal. Ballen skal ikkje stusse mindre enn 50 cm og ikkje meir enn 65 cm ved første stuss når den blir sluppen frå ein høgde på 2 meter.’



Kva meiner deltakarlaga til Veterancup 2011? Skriv di meining i gjesteboka – eit fora for litt drøfting og utveksling av synspunkt. Eventuelt send synspunkt på mail til : mona@sognenett.no



 

Info bussruter Veterancup 2011



Også i år set veterancup opp bussruter mellom Bergen og Lærdal og mellom Fredrikstad og Lærdal i samband med fotballhelga i Indre Sogn. I tillegg vert det interntransport mellom Aurland, Lærdal og Årdal i samsvar med kampoppsett for dei som har meldt seg på busstransport.

Det vert lagt opp til slike avgangar:

Fredag:

Buss frå Flesland til Lærdal kl 09.00 og kl 12.00 (om Nesttun). Frå Bystasjon går det buss kl 10.00 (om Åsane)


Pris pr person inkludert interntransport heile helga; kr. 600,-

Frå Fredrikstad kl 07.00, Oslo kl 09.00 frå Hotel Opera

Pris pr person inkludert interntransport heile helga; kr. 700,-


NB! Bussrutene kan verta endra pga. flytider.

Sundag:

Me har me lagt opp til fylgjande tider for heimreise frå Lærdal Hotel:

Bussar til Bergen går kl 11.00

Buss til Oslo og Fredrikstad kl. 10.00


Betaling:

Det vil koma informasjon seinare.

Påmelding transport må gjerast, innan måndag 10.01.2010, til Harald Stadheim hst@ardal.kommune.no

Har du spørsmål , ta gjerne kontakt på tlf 975 26 998

Generell informasjon til Veterancup-helga 2011


Overnatting

Grunna manglande overnattingskapasitet i Lærdal, vil laga bu slik;
Old girls og old boys bur på Klingenberg Hotel, Årdalstangen
Resten av overnattingane blir fordelt mellom Lærdal og Aurland
ALL tinging av overnatting skal skje ved at de går inn på ’Informasjon’ og føl retningslinjene der.

Prisar 2011

Styret ventar på oppdaterte prisar frå Lærdal ferie- og fritidspark, og håpar å få dei oppdaterte iløpet av november

Andre prisar på sida er oppdaterte for 2011



Måltid og transport
Måltid og opphald for laga blir der ein er innlosjerte heile helga, utanom laurdag kveld.
Laurdag samlast alle til bankett, utdelingar og dans ved Lærdal Hotell. Veterancup organiserer transport til og frå hotellet for laga som bur på Årdalstangen og i Aurland.



9 pr lag
Me minner om at det i 2011 er ei maksgrense på 9 spelarar per lag i forhold til overnattings- og bankettplassar. ”


Publisert: mona@sognenett.no



 

Fyrste påmeldingsfrist snart ute.



Har de vore med tidlegare år, men framleis ikkje har meldt på lag ? Da hastar det no.  Frist for påmelding for dei som har delteke tidlegar år, er i morgon 25. oktober.  Etter denne datoen vert det opna for andre lag å melda seg på.

Det er kun tre mnd til turnering og me i arrangørkomiteen, reknar med at det er intense treningar rundt om kring på «felta».

Har de nytt å meddela oss framfor neste års cup, er det fint om de sender nokre ord anten til : ruthl@mail.ardalsnett.no eller mona@sognenett.no


Publisert:ruthl@mail.ardalsnett.no