Veterancup godt i gang.




Ein dag av Veterancup er unnagjort.  Kampane er no godt i gang i alle hallane att.  Vi har oppdatert resultatservice på nettsida.  Denne finn du oppe til venstre på sida.  «Ny resultatservice»

I oldboysklassen er allereie Fjøra og Høyang klare for finale.

I Årdalshallen ser vi fram mot kampen mellom Tottenham og Jotun.  I Tottenham målet får vi gjensyn med Jotun sin store keeper gjennom tidene, Åge Sem Johansen. 
Reknar med at han trekker folk til tribuna i Årdalshallen.


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

T-skjorter


NB: Viktig melding !!  Etterkvart som laga kjem til Lærdal, ber me om at  lagleiar hentar T-skjorter til laget sitt.

Det vil stå personar frå Veterancup og dela ut på Lærdal hotell.

Velkommen alle sammen 🙂

Bankett laurdag 29. januar Lærdal Hotell




NB!!!  Dei av laga som ikkje skal overnatte, men likevel ynskjer å delta på banketten – MÅ gje beskjed seinast kl 16.00 i dag til Lærdal Hotell ved Ole Kristian 57666507.

Merk at det er Lærdal Hotell som er ansvarlege for bankett og ikkje Veterancup leiinga.
Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Arsenal til Veterncup





I år vil publikum og deltakarar kunna sjå Arsenal under Veterancup.  Tidlegare har vi hatt Liverpool, Manchester United og Tottenham med oss på Cupen.


Ein av Arsenalspelarane vi får møta, er Jimmy Carter ( bildet).

Carter i født i London, november 65.  I karriera si har han spelt for Milwall, Liverpool, Arsenal, Oxford Utd og Portsmouth.
Han tilbragte tre og eit halvt år på Highbury og i hans tid der Arsenal vann FA-cupen og ligacupen i 93 og i 94 UEFA Cupvinnarcupen.


Sjå kampprogrammen øverst på sida og du finn ut kvar du kan sjå Arsenal til helga.


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Berre ei lita veke til turnering



Nedteljinga har starta for fullt.  Berre 5 dagar til årets turnering vert blesen i gang.  Kampoppsett er lagt ut som hovedsak.  Det er stadig små endringar.  For å halda dykk oppdatert på kampane de skal spela, kan det vera lurt å sjekka kamoppsettet dagleg.

Vi reknar med at alle har bestilt den transporten dei treng.  Skulle det vera spørsmål rundt dette, står kontaktinfo til transportansvarleg under «kontaktar» i menyen til venstre.


Høyrer også rykte om at trening med futsalball held på for fullt.  Nokre har nok vorte både positivt og negativt overraska i møte med denne ballen.




































Vèret blant dei høge fjella, skal bli ganske bra.  Det har meldt litt snø fredag og laurdag, men vi håpar at alle kjem seg over fjellet i rett tid. 


Det vil som vanleg vera salg av drikke, mat og vafler i dei ulike hallane.  Aldersbestemt fotball gjer ein stor innsats under turneringa og håpar på godt besøk i kioskane.


Når det gjeld billettar til bankett, skal dette avklarast direkte med hotellet.  Sjå info under «Informasjon» -> Lærdal Hotell.


For å sjå fotballkampar, vert det solgt turneringsbilettar som gjeld heile helga. 


Skulle det ellers vera spørsmål rundt cupen, ber vi dykk kontakta oss ( sjå etter rett vedkomande under kontaktinfo).


Lykke til med dei siste førebuingane 🙂  så snakkast med snart.


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no


 

Kjell Ødemark og Nordnes er klare :-)



Bergenslaget Nordnes er ein  gjengangar i Veterancup.  Dei  byrja i old-boys og veteran,  og etter som åra har gått, har dei  hamna i veteran 40 og veteran 50. 

Dei har vore med 9 gonger, og dei omtalar innsatsen som jamn utan dei heilt store toppane.


 


Ambisjonane for turneringa er å gå vidare, sjølv om det blir hardt. Dei har førebudd seg godt, og denne helga spelte dei i ei turnering i Bergen der det vart tap i semifinalen mot Brann.


 


På spørsmål om kvifor dei er med i Veterancup er Kjell snøgg med å trekkja fram det sosiale. Det å treffa likesinna, gamle og nye fjes, er svært givande.  I tillegg er det sjølvsagt kjekt å måla krefter med lag frå ulike nivå.


 


Kjell reknar Brann og Viking som favorittar i V50-klassen, men cup er cup!


 


Me ynskjer Kjell Ødemark og Nordnes lukke til med Veterancup!

Av: Lars Einar Torsnes

Fredagsportrett 21. januar



Navn: Bjarne Berntsen


Klubb: Viking FK


Klasse i veterancup: Gutter 50+

Kva lag har du spela for gjennom tidene?
Figgjo IL og Viking FK


 


Kva er dine beste minne frå fotballkarriera?
Norge-England 2-1 på Ullevaal stadion i 1981, Gullklokkekamp for 25 A-landskamper i 1981, Opprykk med Figgjo IL i 1984, Trener for Viking mot Barcelona på Nou Camp i 1992, Trener for kvinnelandslaget i VM 2007 da vi slo hjemmelaget Kina 1-0 i kvartfinalen foran 55.000 tilskuere og finaleseier i Gutter 50+ med 2-1 over Vålerenga i min første Veterancup


 


…og det største høgdepunktet?
Cupmesterskap med Viking i 1979, Seriemester med Viking i 1979 og 1982 og cupmesterskap som trener for Bryne FK i 1987


 


Kva er den verste/mest skuffande opplevinga på fotballbana?
Da jeg brakk kinnbenet i min første seriekamp med Figgjo IL i 1983 og mistet landslagsplassen pga det lange skadeoppholdet jeg fikk da


 


…nokon svært morsomme eller pinlege?
Utrolig mange morsomme kommentarer fra lagkamerater og motspillere opp gjennom årene, men ønsker ikke å trekke fram noen spesielle. Mest pinlege er utvisningen min i E-cup kamp mot Dundee United i 1982 i min aller siste kamp for Viking.


 


 


Kva ville du ha endra på av fotballreglar om du var ’heilt sjef’?
En av styrkene med fotballen er at så lite endres, derfor er alle på tribunen verdensmestre og mye bedre enn alle dommerne. Dette skaper engasjement og stemning. Hvis vi skal endre noe, så må det være tidsbegrensninger før frispark, innkast og cornere skal tas for å unngå unødvendig uthaling av tiden.


 


Kvifor til Lærdal på Veterancup?
Holde kontakten med kjempegode fotballvenner, spille god og underholdende fotball som begeistrer publikum og vinne både turnering og bankett.


 


Kven er favoritt i Lærdal 2011?
Brann (hvis de ikke kommer med A-laget)


 


Filtball eller futsalball?
Futsalball, uten tvil


 


Kva  skal til for at ein vanleg fredagskveld blir ein GOD kveld hos deg?
Først en god treningstur ute i skogen etter en interessant og spennende arbeidsuke, så en god norsk middag tilberedt på best mulig måte av sjefen i heimen, så avslapping på do med aviser eller en god bok før kvelden avsluttes med nyheter, sport og andre interessante program/filmer på TV.


 


Fredag 28. januar blir ingen vanleg fredagskveld! Men tradisjonen tru, skal den bli både god, glad og artig!


Velkommen til Lærdal siste helga i januar!


 


God helg!

KAMPOPPSETT 2011


HER FINN DE LINK TIL KAMPOPPSETT 2011
TURNERING 28 -29. JANUAR

NB !!! Endringar 25-01.2011
Resultatservice linken oppe til venstre er no klar.  Der ligg heile kampoppsettet i alle hallane.


Onsdagsportrettet 19. januar



Navn:    Hege Hope


 


Klubb: Sandviken


 

Klasse i veterancup.  Oldgirls

Kva lag har du spela for gjennom tidane?


 


Gneist, Sandviken


 


Kva er  ditt beste minne gjennom fotballkarriera?


 


Mange gode venner, gode opplevelser, møtt mange flotte mennesker, den gode følelsen av å vinne noe sammen, artige turer, og garderobehumoren


 


..og det største høgdepunktet?


Vinne cupfinalen i 1995, en fantastisk, herlig opplevelseJ


 


Kva er den verste/ mest skuffande opplevinga på fotballbana?


 


Å rykke ned i 1.div


 


…nokon svært morsomme eller pinlige?


Laila Konglevolls finte-raid med påfølgende scoring i fjorårets Lærdal-cup. Hennes levende og morsomme måte å beskrive prestasjonen resulterte i årets latterkrampeJJJ


 


Kva ville du ha endra på av fotballreglar om du var “helt sjef”?


Ingen regler som jeg har et brennende ønske om å forandre.Hadde jeg sittet på makten,ville  jeg sørget for at kvinnefotballen fikk bedre vilkår til utvikling !


 


Kvifor til Lærdal på Veterancup?


Fordi det er fantastisk mulighet til å møte gamle og nye fotballvenner,samtidig som vi får lov til å konkurrere litt igjen!


 


Kven er favoritt i Lærdal 2011?


I vår klasse regner med at Kaupanger,Arna-Bjørnar og Sandviken vil knive om den gjeveste plasseringen!


 


Filtball eller futsalball?


Forhåpentligvis futsal


 


Kva skal til for at ein  vanlig fredagskveld blir ein GOD kveld hos deg?


 


Like gjerne med gode venner,som i godstolen foran tv,eller kanskje begge deler samtidigJ

Helsing frå Svein Inge Thime



Veterancup har fått ei koseleg helsing frå vår trufaste dommar Svein Inge Thime (til høgre på bildet).:

 


 


Takk for 10 trivelige turneringer

Nå har jeg kastet inn håndkledet. Jeg rundet 70 år for en måned siden, og sier takk for meg etter mange trivelige opplevelser både i Årdal og Lærdal. Roald og hans dyktige venner lager en glimrende turnering. Som alle spillere og dommere setter pris på!
Jeg har brukt fløyte og flagg siden 1963 – som krets-, forbunds-, eliteserie- og internasjonal FIFA-dommer. De gode minnene er mange. Flott at vinnerviljen fortsatt er til stede utover turneringen lørdag. Gode toppspillere fra “gamle dager” misliker nederlag. 70 år er en passelig alder for meg å ta forvel med dommerfløyta i Lærdal. I håp om at jeg ikke går over i historien som en dommer som ble en parodi på seg selv.

God turnering og hilsener til en hver der inne i Sogn.

Svein-Inge Thime