Nordnes IL er i rute.
Eit av dei faste innslaga i Veterancup er Nordnes I.L. frå Bergen. Dei er i år med for tiande gong, og dei stiller i år i Veteran 50. Me har hatt ein prat med primus motor Kjell Erik Ødemark.
Kjell Erik fortel at Nordnes er i rute med førebuingane til årets store happening. Dei er med i Vadmyra Cup der dei sist helg vann alle innleiande kampar, og til helga ventar semifinale. Laget er, for å sitera Kjell, ”relativt skadefritt”.
Kjell Erik trekkjer, ikkje uventa, fram det sosiale som det viktigaste ved denne turneringa. Laget hans har ikkje ambisjonar om å vinna turneringa, men dei tek sikte på å koma så langt at dei ikkje er første lag på puben laurdag ettermiddag. Favoritt i V50 er, etter Kjell si meining, Viking.
Me takkar for praten og ynskjer Nordnes I.L. velkomne til parkett og bankett!
Intervjua av : Lars Einar Torsnes