Som svært mange har fått med seg, er det i gang ein ny konkurranse på nettsida vår. Denne gangen «bit for bit». Kvar fjerde dag vert det lagt ut nytt bilde. Reglane er som følger:
Bilde som vart lagt ut i går kveld, vert i sin heilheit offentleggjort om morgonen den 3. januar. Det vil seie at eg er litt snill med fyrste oppgåva da bilde for dag ein ligg i nesten to dagar. Del to av bilde vert lagt ut når vi har passert midnatt. (also 01.01.2013)
Poenga vert fordelt slik:
Dersom nokon tippar rett fyrste dag bilde ligg ute, får dei tildelt 3 poeng. Ved løysing 2. dag er det 2 poeng og tredje dag gir eitt poeng. Det vil til saman i konkurransen bli lagt ut 5 bilde. Den som til slutt sit att med flest poeng, vinn konkurransen og vert hedra med ein liten premie 🙂
NB: Det er muleg å senda inn fleire tips i løpet av dei tre dagane, MEN hugs – det siste tipset er gjeldande.Dersom de har tippa rett fyrste dag, og sender nytt tips som er feil er det dette som gjeld.
Har de spørsmål, send dei til meg på: ruthl@mail.ardalsnett.no
Lukke til og ha eit Godt Nyttår 🙂