Påmelding av lag: Få opp farten!

Påmeldinga går sin gang, og klassane damer 50+ og herrar 60+ er no i utgangspunktet fullteikna. Dersom fleire vil vera med der, kan me setja dei på venteliste, eventuelt  kan dei spela i ein lågare aldersklasse. Nokre klassar er førebels litt «tynne», så folk må hiva seg rundt og melda på lag. Me minner om at prisen stig med 1000 kroner etter 15.12.

 

Lars Einar Torsnes

Nok ein ambulanse til Ukraina

Mange var samla ved Lærdal sjukehus då «Fotball for Ukraina/Veterancupen» fredag tok i mot ambulansen gitt av Helse Førde.

Tidlegare har helseføretaket gitt ein brukt ambulanse til Ukraina, og fredag var
administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden på plass for å overrekke nok ein bil. I
tillegg til folk frå helseføretaket var, representantar frå Veterancupen, fotballkrinsen og
ordførarane i Lærdal, Årdal og Aurland til stades.

Stort behov
Roald Flodsand i Veterancupen takka for bilen, og la vekt på kor mykje dette betydde for
fok i det krigsherja landet Ukraina.
– Me er veldig glade for at Helse Førde gjev oss denne ambulansen, for behovet i Ukraina er enormt, sa Flodsand. Arve Varden sa det var ei stor ære å kunne bidra til eit slikt tiltak og skrytte av engasjementet Veterancupen viste for å hjelpe folk i Ukraina i den vanskelege situasjon dei står i.

Tekst: Steinar Kvigne
Foto: Karoline Thyri, Elisabeth Thyri (øvste bilete).

Kva betyr VeteranCup’en for deg?

Me lader opp til helga med video, satt saman av fine samtalar me hadde under VeteranCup’en i fjor. Høyr kva eitt knippe nye og gamle veteranar tenkjer om cupen med over 25-års fartstid. Me gler oss til å skape nye augneblink for minnebanken, når me møtest att til helga. Velkomne skal de vere til VeteranCup 2025! Sjåast me? 👟⚽️✨

Intervju med:
Kjell Rune Pedersen, Åse Neraas, Børre Meinseth, Vitaliy Reva, Sigurd Rushfeldt, Gry Johannessen Flaa, Finn Erik Arnesen, Jákub Mikkelsen, Zurab Khizanishvili, Vegard Skogheim, Christian Grindheim og Roald Flodsand.

Reporter: Steinar Kvigne
Video|tekst: Karoline Thyri