Godt nytt år!

Godt nytt år til alle fotballentusiastar! Vi håpar de har hatt ein fin juleferie og er klare for å kickstarte året med spennande fotballopplevingar på Veterancup 2025!

Må 2025 bringe dykk gode minne, sterke samhald og mange morosame augeblikk på bana!

Vi ser fram til å sjå dykk igjen på Veterancup 2025!

Med venleg helsing gjengen bak Veterancup!

Transport til Veterancup 2025

Veterancup set også i år opp bussrute frå Bergen til Lærdal i samband med turneringshelga i januar.

Frå Bergen til Lærdal Fredag 24. januar:
Bussen går frå Flesland kl. 10.30, frå Nesttun kl. 10.40, frå Bystasjonen kl. 11.00

Frå Lærdal til Bergen att, Søndag 26. januar:
Bussen går tilbake til Bergen kl. 10.30 frå Lærdal Hotell.

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kun kr. 800,- tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,
Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@laerdal.kommune.no tlf. 975 26 998
Håpa at de vel å følgje oss på bussen! Me set pris på om de er tidleg ute og bestiller plass.

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida vår!

Betaling:
NB! Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435. Hugs å merke betalinga
med klubb og antal personar de betalar for.

Frithjof Wilborn ynskjer velkommen til VeteranCup 2025!

Frithjof Wilborn gler seg til VeteranCup 24.-25. januar 2025, og håpar fleire tek turen. Det er nemleg fortsatt ledige plasser. I klassane SV 60+ herrar, SV 55+ herrar og SV 50+ damer er det no fullteikna, men for andre klassar er det utvida frist til 10. desember 2024. Velkomne til VeteranCup i Sogn siste helga i januar! ⚽️ Påmelding finn de her.

Utvida påmeldingsfrist og fullt i nokre klassar.

I klassane SV 60+ herrar, SV 55+ herrar og SV 50+ damer er det no fullteikna. For andre klassar er det utvida frist til 31.12.24.

Lars Einar Torsnes

Ny aldersgrense Old boys og Old girls!

Det er innført ny aldersgrense for Old boys. Ny nedre grense er no 30 år i løpet av 2025.

Old girls: Spelarar må fylla 28 år eller meir i 2025. I tillegg kan det vera ein spelar på bana pluss keeper som er yngre. Desse må fylla 27 år eller meir i 2025

Dette  blir gjort for å freista å få litt «fart» på påmeldinga.

Sjå elles på nettsida under «Turnering», kap. 18.

Ordninga vil bli evaluert i etterkant.

 

Lars Einar Torsnes

Fristar til 2025 turneringa

31. desember 2024 – Siste dato for påmelding

31. desember 2024 – Siste dag for å registrere spelarar

31. desember 2024 – Siste dato for å bestille tenester

12. januar 2025 – Påmeldingsfrist dommarar

24. januar 2025  – Startdato

25. januar 2025 – Sluttdato for turneringa

 

Påmelding til 2025-turneringa er open

Påmeldinga til 2025-turneringa er no open.

 

Alle lag melder seg på via profixio systemet. Du finn lenke til dette under «påmelding» i toppmenyen.

 

Vi ser fram til å ønskje alle lag og deltakarar velkomne til turnering 24. og 25. januar 2025!

Veterancup 2025

Veterancupen i 2025 vil bli arrangert 24.-25. januar