Oppdatering bussinformasjon – Bussen går fyrst kl 11.00 frå Flesland og vert med det ein halvtime seinare enn tidlegare anonsert

Meld dykk på!  Bussrute frå Bergen til Veterancup i Lærdal 2025

 

Veterancup set også i år opp bussrute frå Bergen til Lærdal i samband med turneringshelga i januar.

Frå Bergen til Lærdal Fredag 24. januar:

Bussen går frå Flesland kl. 11.00, frå Nesttun kl. 11.10, frå Bystasjonen kl. 11.30, Åsane kl.11.50, Lærdal 16.00

Frå Lærdal til Bergen att, Søndag 26. januar:

Bussen går tilbake til Bergen kl. 10.30 frå Lærdal Hotell.

 

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kun kr. 800,- tur-retur Bergen

 

Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,

Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@laerdal.kommune.no   tlf. 975 26 998

 

Håpa at de vel å følgje oss på bussen! Me set pris på om de er tidleg ute og bestiller plass.

 

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida vår!

Betaling:

NB! Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435.  Hugs å merke betalinga med klubb og antal personar de betalar for.

Kva betyr VeteranCup’en for deg?

Me lader opp til helga med video, satt saman av fine samtalar me hadde under VeteranCup’en i fjor. Høyr kva eitt knipe nye og gamle veteranar tenkjer om cupen med over 25-års fartstid. Me gler oss til å skape nye augneblink for minnebanken, når me møtest att til helga. Velkomne skal de vere til VeteranCup 2025! Sjåast me? 👟⚽️✨

Intervju med:
Kjell Rune Pedersen, Åse Neraas, Børre Meinseth, Vitaliy Reva, Sigurd Rushfeldt, Gry Johannessen Flaa, Finn Erik Arnesen, Jákub Mikkelsen, Zurab Khizanishvili, Vegard Skogheim, Christian Grindheim og Roald Flodsand.

Reporter: Steinar Kvigne
Video|tekst: Karoline Thyri

Kampoppsett!

Kampoppsettet er no klart. Det blir kampar berre i Aurland og Lærdal i år. Du finn oppsettet ved å klikka deg inn på «Veterancup  live» her på framsida. Deretter går du inn på «kamper» og så navigerer du vidare i menyen. NB! Det kan koma mindre endringar, så følg med, gjerne kvar dag.

Sogn Sparebank held fram som hovudsponsor til Veterancupen

Lokalbanken har avdelingar fleire stader i Sogn, og ei avdeling i Bergen. Banken har i fleire år vore ein viktig bidragsytar til cupen. No opnar dei igjen pengesekken, med eit solid økonomisk bidrag til til årets cup.

Ragnhild Skahjem Tofastrud i Sogn Sparebank er glad for å gje midlar til  Veterancupen. 

-Sogn Sparebank vil bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i. Me meiner Veterancup er ein møteplass som bidreg positivt både sosialt og sportsleg. I tillegg håpar me næringslivet nyttar godt av mange tilreisande denne helga. Lukke til, seier Ragnhild Skahjem Tofastrud.

Ho håpar publikum møter opp i hopetal, og at det vert mange gode opplevingar både på og utanfor bana.

Roald Flodsand er glad banken framleis er med på laget.

– Eit svært viktig økonomisk bidrag som er med å held liv i turneringa. Indirekte støttar dei og barneidretten i dei tre kommunane Lærdal, Årdal og Aurland, seier turneringsleiaren. Veterancupen vert skipa til siste helga i januar med kampar i Lærdal, Øvre Årdal og Aurland.

 

Steinar Kvigne

Stordal Møbel sponsar Veterancupen i Lærdal-Årdal-Aurland!

Som så mange gonger før, så sponsar Stordal Møbel hovudpremien til beste spelar uansett klasse i Veterancup. Dette er me som arrangørar svært takksame for.

Biletet syner Kjell Erik Ødemark frå Nordnes som prøver stolten til ære for fotografen i 2024. Ødemark vann ikkje hovudpremien sjølv, men til gjengjeld ordna han det slik at gullet kom hem til Bergen og Nordnes då dei vann eldste klasse, V60+.

24.-24. januar brakar det laust att, og me ynskjer lag, dommarar og publikum velkomne i hallane i Årdal, Aurland og Lærdal.

Viktige meldingar til laga!

Laga må merka seg dette:

Påmelding: Hugs å stadfesta påmelding! Frist 10.1.

Hotell: Hugs å leggja inn overnatting. Sjå heimesida under «Overnatting» (okn@strynhotel.no), tlf til Ole Kristian Nedberge: 93 00 93 92

Laglister: Husk å senda inn laglister, kan sendast på mail til Jan Tore Stølen (yjanto@hotmail.com)

Behov for buss? Hugs å melda på til Harald Stadheim (harald.stadheim@laerdal.kommune.no), tlf 97 52 69 98

 

Lars Einar Torsnes

Godt nytt år!

Godt nytt år til alle fotballentusiastar! Vi håpar de har hatt ein fin juleferie og er klare for å kickstarte året med spennande fotballopplevingar på Veterancup 2025!

Må 2025 bringe dykk gode minne, sterke samhald og mange morosame augeblikk på bana!

Vi ser fram til å sjå dykk igjen på Veterancup 2025!

Med venleg helsing gjengen bak Veterancup!

Transport til Veterancup 2025

Veterancup set også i år opp bussrute frå Bergen til Lærdal i samband med turneringshelga i januar.

Frå Bergen til Lærdal Fredag 24. januar:
Bussen går frå Flesland kl. 10.30, frå Nesttun kl. 10.40, frå Bystasjonen kl. 11.00

Frå Lærdal til Bergen att, Søndag 26. januar:
Bussen går tilbake til Bergen kl. 10.30 frå Lærdal Hotell.

Pris pr. person inkludert interntransport i helga er kun kr. 800,- tur-retur Bergen

Dersom de ynskjer å vere med bussen, ber vi om at de tingar plass hjå transportansvarleg,
Harald Stadheim, e-post: harald.stadheim@laerdal.kommune.no tlf. 975 26 998
Håpa at de vel å følgje oss på bussen! Me set pris på om de er tidleg ute og bestiller plass.

Busstider kan verta endra, så følg med på heimesida vår!

Betaling:
NB! Vi ber om at de betaler inn til Veterancup, konto nr. 3745 30 32435. Hugs å merke betalinga
med klubb og antal personar de betalar for.

Frithjof Wilborn ynskjer velkommen til VeteranCup 2025!

Frithjof Wilborn gler seg til VeteranCup 24.-25. januar 2025, og håpar fleire tek turen. Det er nemleg fortsatt ledige plasser. I klassane SV 60+ herrar, SV 55+ herrar og SV 50+ damer er det no fullteikna, men for andre klassar er det utvida frist til 10. desember 2024. Velkomne til VeteranCup i Sogn siste helga i januar! ⚽️ Påmelding finn de her.

Utvida påmeldingsfrist og fullt i nokre klassar.

I klassane SV 60+ herrar, SV 55+ herrar og SV 50+ damer er det no fullteikna. For andre klassar er det utvida frist til 31.12.24.

Lars Einar Torsnes