Ambulansen levert i Ukraina

Her vart ambulansen overlevert ved grensa til Ukraina.

Onsdag 10. mai var Geir Berge Øverland og Roald Flodsand framme i Ukraina med ambulansen gitt av Helse Førde til aksjonen Fotball for Ukraina. Her vart bilen overlevert til kona og dottera til Oleh Sobutskyy.

Geir og Roald reiste frå Lærdal tidleg måndag morgon. Vel to døgn seinare på ein avtalt plass i det krigsherja landet, vart ambulansen overlevert. På turen ned var dei fyrst innom Oslo for eit møte med Lise Klaveness og Karl Petter Løken i Norges fotballforbund. Forbundet har sidan starten stilt seg bak innsamlingsaksjonen Fotball for Ukraina.   

Generalsekretær i NFF Karl Petter Løken, fotballpresident Lise Klaveness, leiar for innsamlingsaksjonen Rolf Jerving, turneringslege Geir Øverland og turneringsleiar Roald Flodsand er godt nøgde.

Minnerikt
– Ein flott og på mange måtar ein minnerik tur, seier Roald, nett komen heim til Lærdal. Primus motor for Veterancupen fortel dei vart møtt med opne armar, men møtte ein del problem då dei skulle passere grensa.

– Vaktene der var arrogante, trege, og heller ikkje veldig blide. Det var liksom ikkje berre rusle over grensa. Eg følte meg ikkje trua, men det er klart ein byrjar å lure når dei kjem inn i bilen med skarpladde våpen, seier Roald. Men då dottera til Oleh tok ein telefonsamtale til ein eller annan sentral person ordna det eg raskt. 

Funka godt
Geir Berge Øverland seier den gamle ambulansen funka godt, og gikk som som ei kule heile vegen frå Lærdal, gjennom Sverige til Polen før dei var framme i Ukraina.

– Overraskande bra, heilt glimrande. Men du veit det er knallhard påkjenning for bilen når du køyrer på motorvegen i timevis, og speedometeret viser 120-130 kilometer i timen, seier han. Det som var mest utfordrande var å finne fram.

– Ja det var viktig å følgje godt med på kart og skilting, for køyrde me feil så var det vanskeleg å rette opp att, fortel Geir. Og godt mottekne vart dei når dei kom fra.

– Me vart møtt med stor støtte og takksemd, og invitert på middag, seier Geir Berge Øverland. 

Geir og Roald er samde om at dette var eit godt prosjekt, vel verd å gjennomføre. I tillegg til ambulansen hadde dei og med seg fotballdrakter frå Veterancupen til born i Ukraina.

Ambulansen vert no sett i teneste i Bakhmut, eit av dei verste krigsomåda i landet. Og behovet for ambulansar er stort, i snitt vert 20 ambulansar til vrakgods kvar dag.

Utanfor Lærdal sjukehus, der ambulansen har vore i teneste i fleire år. Frå venstre Steinar Kvigne, administrerande direktør i Helse Førde Arve Varden, Roald Flodsand og Geir Øverland.

Tekst: Steinar Kvigne
Foto: privat

Savnar du noko?

Savnar du noko frå idrettshallen i Lærdal? Kjenner du att kle eller sko på bileta under her? Gje oss beskjed. Kontakt Jan Tore Stølen på 455 13 167.

Live-sending frå Veterancup

Du kan enkelt følgje Veterancup på YouTube. Ved å nytte denne lenka kan du få lyd og bilete frå alle tre hallane

www.youtube.com/@veterancup

NB! Nytt kampoppsett

Alle lag må sjekke det nye kampoppsettet, då det kan vere kamptidspunkt som er endra. Det har skjedd endringar i kampoppsettet gunna flytrøbbel..

Bakke rosar tiltaket

Eirik Bakke tykkjer det er flott at det blir sett fokus på situasjonen i Ukraina i samband med veteranturneringa.

– Både konserten og kampar mot lag frå Ukraina er flotte tiltak. Eg vonar dei lukkast med å laga ei god ramme rundt dette og at me får fokus på det som skjer i Ukraina, seier Bakke.

Eirik Bakke skal representera landslaget under turneringa. Foto: Endre Romøren

Den tidlegare Leeds-proffen legg til at dei gjennom dette får utvida fokus og merksemd mot folk som ikkje har det så godt.

– Her kan dei få eit pusterom. Me spelar mot kvarandre og det syner at fotballen går vidare uansett, samstundes som me får synt litt solidaritet i praksis. Så blir det også samla inn pengar til humanitære tilhøve i Ukraina. Flott tiltak av Flodsand, det er litt i han si ånd.

Bakke skal representera landslaget under turneringa denne gong, saman med blant andre Steffen Iversen, John Arne Riise, og Frode Grodås. Han kjem seg ikkje til Lærdal før laurdag, då han er på jobb for Viasat fredag som ekspertkommentator i FA-cupoppgjeret mellom Arsenal og Manchester City.

– Men eg tek fyrste fly tilbake frå Oslo laurdag morgonog satsar på å yta maksimalt i kampane laurdag. Dei andre spelarane er sikkert også litt slitne etter to kampar og ein kveld i Lærdal fredag. Så det kan vera greitt å ha litt friske bein utpå der då.

Tekst: Jan Egil Fimreite

Bursdagsgåva var deltaking i Veterancupen

Då ei av jentene til Lillestrøm Old Girls feira 40 år, var gåva frå vennegjengen deltaking i årets Veterancup.

– Ho vart nok litt sjokkert, men den vart godt motteken. Og den sto faktisk øverst på ønskelista hennar, seier Hege Glesåen Storløkken, lagleiar for LSK damene.

Korleis er stemningen i laget ei knapp veke før turneringa vert sparka i gang.

– Veldig bra. Me er sju jenter som har spelt saman sidan me var aktive og spelte i seriesystemet. Fyrst med Team Strømmen i 2008-2009, deretter i LSK kvinner, seier Hege.

Skippertak
Inn mot Veterancupen ligg damene i hardtrening.

– Det er sjølvsagt viktig å vere i god fysisk form. Her er nok enkelte komne litt lengre enn andre, så no handlar det om skippertak seier Hege. Laget tok nyleg bronsemedalje i KM for Akershus, der dei mellom anna slo LSK sitt rekruttlag.

– Me lever lenge på den, seier ho. Målsetjinga deira i Veterancupen er å spele god fotball så får ein sjå kor langt det rekk.

– Me har ein del vinnarskallar på laget som er vanskelege å temje, men me står på så lenge kroppen held.

Sosialt
Lillestrøm oldgirls damer meiner kampane er viktige, men like mykje betyr det sosiale. Kanskje møte nokre damer dei har spelt mot tidlegare.

– Og me er veldig gode på fest, seier Hege.

Lsk rosar Veterancupen sitt initiativ med å få Ukraina sine spelarar med i turneringa.

– Et veldig flott tiltak, som me set veldig stor pris på, seier Hege Glesåen Storløkken. Ho tek med seg desse damene til Lærdal: Bente Haakaas, Maritha Kaufmann, Kristine Vea Kjølen, Linn Skaalerud, Hilde Dalen, Lene Storløkken Gran.

Tekst: Steinar Kvigne

Hege Glesåen Storløkken. Alle foto: Privat

Gudvangen Stein sponsar Veterancupen

– I ei tid som no med krig og usikkerheit for Ukraina synes me det er viktig å støtta opp om eit flott lokalt arrangement, seier Frode Øvsthus i verksemda.

Gudvangen Stein AS er ei underjordsgruve som tek ut bergarten Anortositt i Nærøydalen. Me leverer Anortositt til dei tre største steinullprodusentane i Europa, Rockwool – Paroc og Knauf.

Tekst og alle foto: Gudvangen Stein.

Til saman 17 fabrikker
Det mest unike med Anortositten i Nærøydalen er att den inneheld ca 30 % alumina. Anortositten blir også brukt som asfalttilslag i Nederland, dette på grunn av sin lyse farge og svært gode friksjonsevne.

Gudvangen Stein AS satsar ungt og lokalt med til saman 17 tilsette i bedrifta.

– Me produserer omlag 500.000 tonn i året utan å produsere avfall. Alt me produserer vert selt, seier Øvsthus. Dei legg vekt på å vere framtidsretta, og investere i heilelektrisk drift.

Gudvangen Stein AS ynskjer alle lukke til med Veterancupen.

Gudvangen Stein AS er ei underjordsgruve som tek ut bergarten Anortositt i Nærøydalen.

Kjøp billett til solidaritetskonsert

No er det lurt å vere rask, om du vil sikre deg billett til solidaritetskonserten «Fotball for Ukraina» i Lærdal kulturhus torsdag 26. januar klokka 18:30.

Me får besøk av flotte artistar:
· Tone Damli
· Einar Bolstad
· Gunn Kvåle
· Volodomyr Solianyk (Ukraina)
· Valeriia Ladchenko (Ukraina)
· Semen Sukhyi (Ukraina)

Det vert mellom anna helsing frå fotballpresident Lise Klaveness og vår eigen Frithjof Wilborn er konferansier. Billettinntektene går til innsamlingsaksjonen «Fotball for Ukraina«. Trykk på linken under for å sikre din billett!

Bestill bilett her

Årets happening

– Då kampoppsettet var klart tok det fyr i heile spelargruppa. Me gledar oss og er kjempeklare, dette er noko alle har sett fram til, seier Grethe-Karin Hellesund Eide, sotradamene sin sisteskanse.

– No er endeleg heile gjengen blitt så gamle at me kan spele i veteranklassen, så det blir bra, seier Grethe-Katrin.

Alle foto: privat

Bånn gass
Ho meiner laget er i brukbar fysisk form.

– Ja ikkje så aller verst, den har no i alle fall vore verre. Ein ting er sotradamene bestemt på, når domaren bles i fløyta er det bånn gass så lenge kreftene held. Me skal i alle fall ikkje tapa alle kampane, det er heilt uaktuelt, seier Grethe-Karin. Sotragjengen dreg og fram det sosiale aspektet med Veterancupen.

– Det sosiale er nesten like viktig som det sportslege. Litt som i Mesternes Mester. Lagfølelsen er svært viktig, men når fløyta går er ein rett i konkurransemodus, avsluttar Grethe-Karin Hellesund Eide.

Laget frå Sotra har delteke i Veterancupen i mange år, nokre av spelarane har vore med heile vegen, medan nokre er nye.

Desse er med i år: Grethe-Karin Hellesund Eide, Linda Vågheim, Veronica Merkesdal, Nina Askeland, Olaug Sekkingstad, Marit Molland, Susanne Thorvaldsen, Sara Rong, May Therese Rong

Tekst: Steinar Kvigne

Pressemelding