Fakta om turneringa

Alkoholnekt, dressplikt på bankett og stive prisar er påstandar som den siste tida er retta mot veterancupen i ulike mediar.

Turneringsleiar Roald Flodsand er nokså oppgjeven over alle rykte og påstandar som er framsett og vil gjerne få fram fakta og grunnlaget for årets gjennomføring av Veterancupen.

– Eg tenkte i starten å berre oversjå dei, men no er det så mykje feilinformasjon ute og går at eg ser meg nøydd til å koma med einskilde fakta i saka.
Når det gjeld påstanden om alkoholnekt, stiller Flodsand spørsmål om det er noko hotell som har bankett og som ikkje vil servera alkohol.

– Hotellet ynskjer å tena pengar, sal av alkohol er ein viktig del av inntekta. Så den påstanden er heilt urimeleg. Det er heller ikkje dressplikt på banketten, men samstundes er det viktig å få fram at dette ikkje er nokon bygdefest. Det er ein bankett med mat og premieutdeling, så ein viss kleskode ynskjer me. Folk treng ikkje koma i holete dongeribukser. Men plikt til å bruka dress er det ikkje.

Hotellet ynskjer å laga til ei minnerik helg for tilreisande under Veteranturneringa. For hotellets del medfører dette planlegging, stor ressursbruk, oppvarming av hotellet på ei tid det ellers ville vore nedstengt. Frå hotellets ståstad ynskjer dei sjølvsagt å sitta igjen med eit overskudd, der sal av drikkevarer er ein viktig del av inntekta. Så påstanden om alkoholnekt må være teken ut av lause lufta og fell på eigen urimelegheit. Det er heller ikkje dressplikt på banketten, men samstundes er det dugnadsgjengen sin intensjon om å laga til ei fotballhelg som deltakarane hugsar. Det inneberer også ein bankett som me ynskjer det skal væra litt stil over og det kan me som deltakarar bidra med ved å kle oss som me hadde gjort om me skulle på eit julebord.

Deltakingsavgifta til turneringa per lag er 3.000 kroner. Det tykkjer Flodsand er ein grei pris.
– Og laga visste om dette då dei melde seg på, det har heller aldri vore noko problem tidlegare. Det blir lagt ned mykje dugnadsinnsats for å få arrangementet i hamn. Ingen tenar pengar på dette, me har også utgifter som skal dekkast.

Det er viktig å skilja mellom deltakingsavgift (lagspåmelding) og prisen Lærdal Hotel tar for overnatting for 2 netter, middag fredag, bankett laurdag, og frukost begge dagar.

Dette er informasjon som ligg open på våre sider og er gjort kjent for laga da dei meldte seg på. Detta har heller ikkje vore noko tema tidlegare.
Det blir lagt ned mykje dugnadsinnsats for å få arrangementet i hamn. For å få gjennomført arrangementet har turneringa også utgifter som må dekkast, så for å avklara eventuelle misforståelsar så er det ingen av oss frivillige som får dekt noko eller tenar pengar på turneringa.

Det har også kome reaksjonar på at det er færre lag med på turneringa og at kvart lag berre kan ha sju spelarar med. Flodsand seier dette rett og slett skuldast at hotellet har redusert talet på gjester frå 400 til 240.

– Dette på grunn av pandemien, hotellet vil at alle skal kjenna seg trygge, samt pågåande ombygging, mindre lagerkapasitet og påfølgjande planlagt ombygging ved hotellet er kapasiteten i konferansesal komande år ikkje tilgjengeleg og følgeleg bankettkapasiteten mindre. Så dersom me skulle ha auka talet på spelarar på kvart lag, måtte me ha sagt nei til andre lag. Auke med ein spelar per lag ville hatt som konsekvens at me måtte ha sagt nei til fem-seks lag som no er med i turneringa.

Sjølv om reaksjonane har vore få, så har dei vore høglytte. Flodsand forsikrar om at alle konstruktive innspel til turneringa vil bli teke på fullt alvor og blir tekne med i planlegginga for dei neste åra med veteranturnering. Veteranturneringa er eit stort arrangement der me er avhengige av gode samarbeidspartnarar som me også må lytta til når det gjeld kva for retningslinjer me må legga oss på framover for å få gjennomført ei god turnering.

– Turneringa i dagens form, er vorten veldig populær. Me ynskjer sjølvsagt ikkje å endra mykje på noko som har vore vellukka over mange år, men nokre gonger skjer det ting ein ikkje rår over . Det er mange lag på venteliste. Å få landslag med, har også løfta turneringa endå eit hakk. Men me vil alltid evaluera turneringa og håpar at alle innspel baserar seg på fakta.

Ynskjer alle velkomen til Veteranturneringa i Lærdal og håpar på ei minnerik helg.

Kurt Mørkøre: Me er klare til kamp

Måltjuven frå Færøyane seier dei vil gjere alt dei kan for å slå dei andre landslaga i Veterancupen.

-Her blir det å gje bånn gass frå fyrste spark på ballen. Me skal i alle fall gjere vårt aller beste, så får me sjå kor langt det rekk, seier ein optimistisk Kurt Mørkøre. Fyrste gongen Veterancupen hadde eigen klasse for landslag var i 2020. Då vart Færøyane nummer tre, bak Danmark og Norge.

-Me slo jo både Finland og Island, så me har eit godt utgangspunkt, fortel ex-bakaren frå Klaksvik. Han kjem til Veterancupen med 7-8 spelarar, deriblant sin eigen bror Allan.

Tommel opp

Kurt Mørkøre har sjølv vore med i Veterancupen fleire gonger, og har berre lovord å seie om turneringa.

-Heilt fantastisk, eit flott opplegg både sportsleg og sosialt.  Skikkeleg moro, eg gjev to tomlar opp for Veterancupen i Lærdal, seier ein entusiastisk Mørkøre.

Heltestatus

I perioden 1999-2001 spelte han 39 kampar for Sogndal, og skåra i alt 26 mål. Den tidlegare bakaren, som var med på Sogndal sitt opprykk til det som no er Eliteserien, vart ein skikkeleg publikumsfavoritt på Fosshaugane.

– Heilt fantastisk klubb og bygd å kome til. Eg vart veldig godt motteken, og spelte på eit strålande fotballag.

Han innrømmer likevel at han ikkje var i sin beste form då han kom til Sogndal.

-Då eg kom dit «bikka» vel vekta 100 kg. Som bakar i Klaksvik, med god tilgang til sukkerholdige varer, var det lett å leggje på seg. Men med hard trening og sunnare mat gjekk pila på vekta raskt nedover, minnast Mørkøre.

Har du starta oppkøyringa til Veterancpen?

– Instinktet ligg jo i botn, men kondisjonen er vel ikkje heilt på topp. Eg må vel snart byrja å trena, seier den tidlegare toppspelaren, som i si tid fekk 37 landskampar for Færøyane sitt landslag. No bur Mørkøre i Elnesvågen der han mellom anna er trenar for klubben sitt 5. divisjonslag.

Steinar Kvigne

Sandviken SuperVeteranGirls


Sandviken har vore med frå byrjinga av VeteranCup Damer i 2002, og er pionerer i norsk damefotball!

Mette Hammersland, vi veit jo at du er Dronninga i Sandviken – ingen primadonnanykker, så vidt vi veit, men ei hardtarbeidande dame. Eit enormt engasjement for Sandviken og damefotball i Norge.

Litt voldsomt med dronning……

Kva skjer i hovud og kropp når de forlet Sandviken-logoen og blir Brann?

Jeg har hatt god tid til å venne meg til det, og har vært med på alle forhandlingsmøtene med Brann. Utviklingen i kvinnefotballen skjer med stor fart, og det vil. bli vanskelig for Sandviken å bli med på det toget. Skal vi fortsette å utvikle laget, då holde oss i Norges toppen, og ikke minst klare å komme inn i puljespill i Champions League, må vi ha mer ressurser både menneskelige og økonomiske. Det har jeg innsett, og da kan ikke vi ta fra jentene den muligheten som de nå kan få.

Gjengen som kommer til Lærdal vil alltid spille med Sandviken drakter.

Mange gir seg med dugnad og engasjement etter ein del år, men du held koken – kva er drivkrafta?

De siste årene har jeg vært ansatt i klubben og fått lønn! Men hobby og jobb går selvfølgelig litt om hverandre.

Drivkraften er selvfølgelig det å få til ting sammen med andre. Det gir en enorm glede. I Sandviken er det mange frivillige, og vi har mye gøy på veien.

Det er viktig at alle klubber har sosiale tiltak for frivillige. Alle som er med på det laget som deltar her i Lærdal, jobber også på våre kamparrangement.

Kor mange av pionerane i damefotball har du med deg på laget for 2022? Og i kor mange år har de spela saman?

Viven og Laila deltok på Sandviken sin første trening i 1975. Jeg kom fra Gneist i 1977, og vi har spilt/holdt sammen siden da.

Gry og Trude er yngre, men Gry var bla. kaptein på A laget på begynnelsen av 90 tallet.  De er veldig stolt over at de vant Norway Cup i 1982. Laila og jeg har bare bronsje fra NC i 79!!!!!

Korleis trur du det går på parketten i 2022 med damene dine?

Det vil nok gå veldig bra, og vi eldste må stole på at de yngre har trent mer enn oss.

De imponerer på fleire måtar, Mette! Me ynskjer dikka velkommen, og masse lykke til!

Kjekt å møta gamle kjende

Hannes SIgurdsson ser fram til å møta gamle lagkameratar under veterancupen.

– Fotballverda er lita og det er kjekt å møta gamle kjende på denne måten.

Hannes Sigurdsson stiller for det islandske landslaget under veterancupen i 2022. Det gjorde han også første gong han deltok på turneringa for to år sidan.

– Det er kjempekult, både det å treffa att gamle lagkameratar og landskampmotstandarar.

I Tyskland

Sigurdsson er i dag trenar og manager for den tyske klubben FC Deisenhofen på nivå fem. Her i Noreg er Sigurdsson best kjend som Viking-spelar i to periodar, men han har også vore innom klubbar som Stoke, Brøndby og Sundsvall i si lange karriere. Han har også 13 kampar for det islandske landslaget.

Godt gjort

Sigurdsson tykkjer det er kjekt at ein litan stad i Sogn kan få til ei turnering som veterancupen.
– Her kjem me oss vekk litt, i tillegg er naturen heilt sjuk i Lærdal og regionen, seier Sigurdsson, som ser fram mot turneringa.
– Stemninga i hallen er veldig bra, så eg gler meg. Som sagt, både for å møta gamle lagkameratar og spelarar frå andre lag.

Enormt

I tillegg til det fotballmessige, tykkjer Sigurdsson at arrangørane har fått det til også på det sosiale området.
– Det heile er først og fremst ein kjempeidè, måten arrangørane gjennomfører på er det berre å skryta av. Organisasjonen gjer ein utruleg bra jobb.

Veterancup og koronasituasjonen

Coronasituasjonen i Norge er i stadig endring. Me ønskjer at alle deltakarar skal føle seg trygge i turneringshelga, og det er difor viktig at alle følgjer dei nasjonale råda, og held seg oppdatert på kva råd og reglar som gjeld.

For å vere med på turneringa må du vere vaksinert.

Dei generelle smittevernråda om å halde seg heime når ein er sjuk og ha god hoste- og handhygiene er framleis gjeldande. Du finn oppdatert informasjon her:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/smittevernrad-for-befolkningen/?term=&h=1

Våre utanlandske deltakarar må halde seg oppdatert på kva råd og reglar som gjeld ved innreise til Norge. Her er meir informasjon:
https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/befolkningen/reiserad-knyttet-til-nytt-koronavirus-coronavirus/

Kjellien

Ikkje berre fotball når «Kjellien» er i Lærdal. Laks på 15.8 kg i Lærdalselvi

– Ikkje gløym klubblaga

Kjell Rune (Kjellien) Pedersen åtvarar mot at landslaga kan ta for mykje plass under veterancupen.

– Eg trur leiarane bør tenka seg veldig nøye om dette er vegen dei vil gå. Eg veit om fleire lag som er skuffa over at dei ikkje får stilla med den gjengen dei pleier sidan dei berre får ta med sju spelarar og berre stilla eitt lag, seier Pedersen, som har vore med i samtlege 21 veterancupar med Brann, sett vekk får ein.

Han har vore med og vinna både oldboys-klassen, veteranklassen og superveteran.

– Det har blitt nokre trofear. Me reiser med toppa lag denne gong også, forsikrar han.

Kjempegøy

Kjellien, som hadde over 200 A-lagskampar for Brann i si aktive karriere, tykkjer det er kjempegøy å vera med på turneringa og er noko dei ser fram til kvart år.

– Det er kjekt å møta att fotballspelarar du møtte i sine klubbar for mange år sidan.

Pedersen var også ein av dei som gjekk inn for å få kvinnelag med i turneringa. I starten var det berre herrelag.

– Eg sa det til Roald (Flodsand, turneringsleiar) og året etter kom dei første damelaga med. Det er 18 år sidan. Det sosiale er like viktig som det fotballmessige, men me har sjølvsagt lyst å vinna når me er på bana.

Vil ha med alle

Pedersen seier det likevel er i ferd med å bli litt misnøye rundt turneringsopplegget.

– Eg har snakka med damelag som har fått beskjed om at dei berre kan stilla med eitt lag og maks sju splearar. Det er lag som har vurdert å trekka seg på grunn av dette. Satsinga på landslag går ut over klubblag som har vore med og støtta turneringa i årevis. Her må turneringsleiinga tenka seg nøye om.

PÅMELDINGSAVGIFT innan 11. november

Oversikt over laga som har fått plass til Veterancup 2022 finn ein under «Påmelding».
Det er stor interesse for cupen, og fleire lag ligg på venteliste. Tilbod om plass vil gå ut dersom:
– nokon trekker laget sitt
– lag ikkje betaler påmeldingsavgifta innan fristen.
Det er svært viktig at kontaktpersonar tek ansvar for innbetaling på kr 3.000,- for laget sitt. Ansvar kviler på laget, og turneringsleiinga kjem ikkje til å purre eller følge det opp. Me ber om at dette er i orden snarast og seinast 11. november.
Veterancup 2022 tek form, og me i  turneringsleiinga gledar oss stort til å ta fatt på arbeidet fram til me møtes i Lærdal!
Me ynskjer dykk alle ein GOD SØNDAG!⚽️
– VETERANCUP 2022 –

Stødig med fløyta

Han har vore domar i turneringa sidan starten, Torstein Kvam.
Og han har ikkje tenkt å gje seg med det første.

– Dette vil eg driva på meg så lenge eg ikkje hamnar i rullestol eller blir dement.

71 år gamle Kvam kom til Årdal for å døma ein cup-kamp i handball i 1983. Og der møtte han Berit, noko som førde til at han vart verande i bygda. Til glede både for handballen og fotballen i regionen.

Ansvarleg

Under årets veteran-cup er Kvam også domaransvarleg, noko han har vore fleire gonger tidlegare.

– Eg vonar me blir sju-åtte domarar. Dei fleste denne gong er lokale, men me prøver også å få hit nokre tidlegare kjende fjes i domardrakta.

Kjekt

Kvam seier det er kjempekjekt å kunna bidra under veterancupen.

– Ja, det er veldig artig. Det er ei fin ramme rundt kampane og her dømer me folk som me dømde for mange år sidan. Fleire av dei er tidlegare landslagsspelarar også.

Kvam legg til at det er ein flott bankett også.
Det som også er positivt, er at inntektene frå turneringa går til aldersbestemt idrett.

71 år og framleis aktiv, domaransvarleg Torstein Kvam.

Støttar lokale eldsjeler

Tor Arne Ness, dagleg leiar i Toyota Sogn, seier dei har sponsa Veterancupen i 10-12 år.

– Eg hugsar i alle fall at me henta Andy Cole på flyplassen ei gong, og det byrjar å bli lenge sidan, fortel Ness.

Toyota Sogn og Herz støttar Veterancupen i form av billeveransar, som vert nytta til å hente og bringe folk til og frå turneringa.

Solid arrangement

Ness er klar på at Veterancupen i Lærdal er eit veldig godt arrangement, både sportsleg og ikkje minst sosialt med ein fin bankett.

– Å gjennomføre Veterancupen på ein god måte har eldsjelene i Lærdal gjennom mange år synt at dei kan. Eg har tidlegare delteke med Kaupanger, og har mange gode minner frå turneringa. At det er lokale aktørar i Sogn som står for arrangementet er grunnen til at Toyota er med og sponsar Veterancupen, avsluttar Tor Arne Ness.

Tekst: Steinar Kvigne

Foto: Privat

Nordnes – ein gammal travar med sagmugg i nasebora.

Nordnes har vore med i Veterancup i mange, mange år. Dei har ikkje forsynt seg særleg av premiebordet, men dei har minst ein pallplass eller to når det gjeld det sosiale. Det er stort sett same gjengen som har vore med, dei siste åra under “streng” leiing av manager Trygve Johannessen.

Primus motor Kjell Erik Korneliussen Ødemark fortel at dei har spelt serie no i haust. Resultata har variert, og Konnaen melder også om litt skader. Kjenner me denne gjengen rett, så blir dei fit for fight til det brakar laus i januar.

Me ynskjer Nordnes velkomne til Sogn nok ein gong!

Lars Einar Torsnes