Stordal IL har vore med heilt frå starten av!

Stordal IL er eitt av laga som har vore med heilt frå starten og då med spelarar som har hatt gleda av å kunne delta i alle klassene heilt frå oldboys og fram til i dag. Når ein etterkvart då også har passert 60 med god margin, er det snart på sin plass å håpe at det vert oppretta endå ei ny klasse, nemleg 60+ 😊

Den som har vore med alle desse åra utanom det første, er Hallgeir Hove. Ein fødsel kom i vegen for deltaking i 1998, men etter det året har han fått med seg alle. Denne helga i Lærdal er eitt av dei store høgdepunkta kvart år og det er alltid like kjekt å kome tilbake og treffe, så vel dei trivelege og dyktige arrangørane som dei ein møter både på parketten og på banketten. Med tanke på alt det vi har opplevd saman – i løpet av alle desse åra – kan ein nesten sjå på dette som ein einaste stor familie.

I tillegg til alt det som har med det sosiale å gjere kan Stordal sjå tilbake på mange år der ein har hevda seg heilt i toppen og tidleg på 2000-talet opplevde laget også å gå heilt til topps, då laget slo Brann 2-1 i Oldboysklassa. Litt artig no, er det at to av dei som var med på å tape mot oss den gongen, nemleg brødrene Ludvigsen, er klare for deltaking att etter alle desse åra! 😊

I tillegg har det i løpet av alle desse åra blitt uforgløymelege møter med m.a. brødrene Brian og Michael Laudrup, der vi fort kunne ha leia med eit par mål i starten, men der vi etterkvart fekk ein bra leksjon i korleis fotball skal spelast…

Manchester United – med Andy Cole i spissen, derimot – vart lett match for oss. Det enda vel med 5-3 til slutt, om eg ikkje hugsar feil.

Det å sette Viking på plass (4-0) med Erik Thorstvedt i mål, var også stas. Det same å slå ut eit sterkt Strømmen-lag med Frode Grodås i spissen, to år på rad, like eins.

Eg var også så heldig å få vere med på det sokalla profflaget eit år og då m.a. i lag med ein annan som alltid er på plass når det er Veterancup, nemleg Trygve Johannesen. Sigeren over RBK smaka ekstra godt den gongen. Det er berre å spørre Trygve.. 😊

Det var ikkje minst også stas å få vere med å vinne veteranklassa i lag med Aafk, dette eine året då Stordal ikkje klarte stille lag.

No er det nok heller ikkje berre sjølve laget Stordal ein tenkjer på når det er snakk om Veterancup. Stordal er også møbelprodusenten som har bidratt med den flotte premien til turneringas beste spelar kvart år!

No kryssar vi fingrar for at vi alle skal klare å halde pandemien i sjakk og at arrangementet kan gå etter planen.

Vi gler oss i alle fall veldig!

Knudsen – The bobble hat keeper

For Jan Martin Knudsen, mangeårig landslagskeeper for Færøyane, har den kvite topplua blitt hans kjennemerke. Den har han brukt sidan han var 14 år gamal, etter at han fekk ein hovudskade.

I januar kjem 54 åringen til Veterancupen i lag med resten av eit sterkt færøyisk landslag for å kjempe mot dei andre nordiske landa.

Landskampar

I perioden 1988-2006 spelte Knudsen 65 landskampar for heimlandet sitt. Keeperen, som la opp

om 40 åring, starta karrieren i NSI Runavik. Neste stogg vart Island, der han spelte to sesongar for klubben Leitur

Utlån

Etter dette var Knudsen på utlån til den skotske klubben AYR, før han reiste tilbake til Leitur. Mannen med den kvite topplua returnerte i 2001 til moderklubben NSI Runavik, då som spelande trenar.  Han avslutta ei lang og innhaldsrik fotballkarriere i 2006.

Håvard Flo: Gledar meg veldig

Håvard Flo

Han er er ein av heltane som var med å slå Brasil 2-1 i VM 98. I slutten av januar møter Håvard att nokre av lagkompisane frå den store kampen på Stade de Velodrome i Marseille. No som spelar på det norske veteranlandslaget.

Flo spelte i alt 26 landskampar for Norge. Han har mange gode minner frå den tida. Likevel, det er ikkje til å stikke under ein stol att det heile toppa seg med den historiske seieren mot Brasil.

-Me sprang ut på stadion, og vart møtt av 75.000 tilskodar. Ein enorm stemning, eit voldsomt lurveleven. Nesten så ein måtte klype seg i armen for å skjønne kva ein verkeleg var med på, minnast 51 åringen som den gongen var proff i Werder Bremen. Han var veldig heldig som var med landslaget i Drilloepoken.

-Ja heilt klart, så var det jo kjekt at me var fire spelarar frå Sogn og Fjordane i VM-troppen, seier han. I tillegg til han sjølv var Frode Grodås, Jostein Flo og Tore Andre Flo på plass i Frankrike.

Respekt

Håvard Flo gledar seg til Veterancupen, og nemner dugnadsarbeidet som vert lagt ned både før og i sjølv turneringa.

-Eg må berre gje stor honnør til innsatsen Roald og resten av gjengen legg ned for legge alt til rette for oss. Det har eg stor respekt for, seier Håvard.

No ser han fram til å møte tidlegare kompisar frå den aktive fotballkarrieren. Det sosiale aspektet der ein kan mimre og dele historiar frå tidlegare er veldig kjekt.

Bra fysisk

Korleis er formen?

-Den har vel vore bedre, men eg prøver å halde meg i nokolunde bra fysisk form, seier Håvard. Reint fotballmessig merkar han nok at tida har  gått framover.

-Hovudet og viljen er nok til stades, men touch og teknikk sat nok bedre før. Konkurranseinstinkt og innsats kjem fort når ein snører på seg skoa og entrar parketten. Me går sjølvsagt på bana for å vinne. Det er ikkje snakk om å gje seg uten kamp, seier Håvard Flo. Ambisjonen er å bli betre enn i 2020 då dei tapte finalen.

– Eg reknar med at trenaren vår Harald Aabrekk har lagt ein god plan, avsluttar Håvard Flo med eit lurt smil.

Steinar Kvigne

Info om kampoppsett til VeteranCup 2022

Fredag 28.01.2022 klokka 16:00 startar dei fyrste kampane.

Veterancupen har som mål å ha klart kampoppsett tidleg i januar.

Men har du spesielle ynskjer til kampoppsettet, må de senda mail til Ove Kristian Lysne som lagar kampoppsettet. Innspel må vera sendt innan 26.12.2021 til:
Ovekristian1@gmail.com

Vilje, humør og innsats

Det ligg i botn når oldgirls laget til Lærdal går på bana.

– I 2020 skåra me eitt mål, i år bør me i alle fall doble dette talet, seier Iris Blaaflat.

Dei har aldri vunne ein kamp i Veterancupen, men her er det mottoet tap og vinn med same sinn som er i fokus.

– Nei, me har ikkje fått nokon seier på bana, men festen vinn me uansett. Det gjer me jo alltid, seier Iris, primus motor for den humørfylte damegjengen.

Unngå skadar

I haust har dei trent ute to gonger i veka, men no har dei trekt inn i hallen. Og det aller viktigaste fram mot turneringa er å unngå skadar.

– Ja det er det absolutt ikkje rom for. På treningane er det alltid bånn gass, og det har ført til både ribbeinsbrot og ankelskadar. Eg trur nok mykje av skadeplagene skuldast manglande teknikk og fart, fortel Iris. Det handlar i alle fall ikkje om mangel på innsats.

– På trening er det ikkje fred å få, full fart heile tida. Her ligg me langt framfor karane, dei står meir i ro og trillar ballen til kvarandre. Me er nok litt grovare, seier Iris med eit smil.

At lærdalsdamene vil setje sitt preg på turneringa både sportsleg og sosialt er det i alle fall god grunn til å tru.

Steinar Kvigne
Foto: Privat

Ordførarintervju med Trygve Skjerdal og Hilmar Høl

– Ei artig turnering

Han har vore med på turneringa i mange år både som spelar, funksjonær og friviljug frå Raudekrossen, aurlandsordførar Trygve Skjerdal.
Han er glad for at turneringa no er tilbake, etter eit år med coronapause.

– Dette er eit kjærkome tiltak og ein artig aktivitet både for dei som er med og dei som ser på. Men det er viktig at turneringa held det dei lovar når det gjeld landslaga, at dei kjem dei trekkplastera som er lova på førehand.

Skjerdal har mange aktive år på fotballbana, både i Aurland og Lærdal.

– Eg hugsar Magnar Ljøsne omskolerte meg frå spiss til venstre back då eg kom til Lærdal.

Sjølv om Skjerdal er glad for at turneringa er på stell att, finn han det ikkje naturleg at ein kommune går inn og sponsar turneringa

– Men me kan drøfta halleiga, veit ikkje om me er spurde om det enno.

Heller ikkje årdalsordførar Hilmar Høl finn det rett at ein kommune sponsar slike turneringar.

– Me sponsar ikkje vaksne folk som vil ha fest og moro.

Kommunen sponsar ikkje turneringa, trass i at det også blir spela kampar i Årdal under turneringa.

Høl legg til at det sjølvsagt kan vera aktuelt med sponsing av heile eller deler av halleiga.

– Det kunne vera noko som kommunen kunne gå inn med. Men så vidt eg veit har me ikkje fått søknad om stønad til halleiga. Men sponsing er ikkje aktuelt, seier Høl.

– Nei, nei, det ville i tilfelle vera å sponsa vaksne folk som vil ha seg ei frihelg med fotball og fest. Fotballen er nok ein viktig del, men det er festen, banketten og samveret om kvelden som er moro og som folk kjem for.

Ordføraren seier han ikkje har følgd så godt med på veterantureringa, men er interessert i fotball. Sjølv har han 12 kampar som midtstoppar på Jotun sitt A-lag på 80-talet.

– Mykje likt Gordon McQueen, gliser Høl og viser til den tidlegare stopparkjempa i Leeds og Manchester United.

Veterancup – live frå tre arenaer

Mykje har skjedd sidan første turnering med omsyn til resultatservice og live-oppdateringar på nett. I år tek vi det eit stort steg vidare. Eit utval kampar frå innleiande rundar på alle arenaer (Årdal, Lærdal og Aurland), og heile finalespelet vert strøyma «live». Så om du sit på Klaksvik, ættar etter Ingolf Arnarsson, eller normal følgjer med på Veikkausliiga kan du sjå kampane «live» via YouTube.

«Vi legg opp til at fotballinteresserte over heile verda kan følgje med, men vi reknar sjølvsagt med at det er dei mest ihuga supporterane knytt til dei deltakande landslaga som vil vere ivrigast, seier general Flodsand».

Det er eit stort apparat som skal til, men om vi skulle gjort dette for ti år sidan ville vi brukt eit «halvt TV2-team». Vi er så heldige at Høgskulen på Vestlandet (HVL) vil samarbeide med oss. Dei vil prøve ut sending frå ulike stader – med TV-kvalitet – i same sending. Og lokal ungdom får høve til å lære litt «TV-produksjon».

«HVL skal vere tett på regionen, og denne teknologien som vi nettopp har fått på plass ønsker vi å bruke i mange samanhengar. Dette ser vi fram til å vere med på», seier Brian Holmedal, prosjektleiar ved Medielab i HVL.

Reint teknisk vert det filma i kvar hall. Desse signala vert sende til ein felles virtuell miksepult. Der vil kampbilete og intervjusituasjonar bli sende ut på ein YouTube-kanal, etter at reklameplakatar, lagoppstillingar og mykje anna er lagt til sjølve biletstraumen. Det er ikkje mange sekunda forseinking frå eit spark på ballen, til sjåaren på Søvang ser kva som skjer.

«For turneringa gir dette ein ny dimensjon, både med omsyn til service og til marknadsføring. For landslaga kjem vi til å tilby sponsorplass minuttet før kampstart, slik at dei kan hente inn midlar frå deira nasjonale sponsorar, og slik finansiere si eiga deltaking, eller gi midlane til gode formål lokalt», seier Flodsand.

Så det er berre å følgje med på heimesida til turneringa på kampdagane – der vi de finne rett lenke til sendingane.

Aurland Old Girls

Liggende forann: Charlotte
1.rekke f. v: Janicke, Linn
2.rekke f .v: Oda Beate, Maria
Ikkje tilstede: Elisabeth og Solrun

Aurland old girls er blitt utfordra på å skrive noen ord fra laget, og det vil vi gjerne! Undertekna er innflytter fra Strømmen og måtte få litt hjelp til å finne historia til damefotballen i bygda. Historia er syltynn var svaret! Aurland har aldri hatt damelag i serien, og vi er de første damespillerne som stiller i Veterancup fra Aurland IL!! Vi håper jo på å snu trenden, for egen fotballglede, men ikke minst for motivasjonen til jentespillerne i bygda.

Vi er altså en gjeng unge damer (mer eller mindre avdanka fotballspillere) som fant sammen i august i år, nesten for unge, det var så vidt vi klarte å få nok spillere over 32 år. Vi trener to ganger i uka og flytta over i innesko i slutten av oktober. En tålmodig trener har vi også fått, Bengt Erlend Skjerdal stiller frivillig opp for å holde styr på gjengen. Jeg trodde det var mest utfordring med å trene miniputter, men damespillere vil gjerne bestemme en god del selv de også. Tusen takk til trenern i hvert fall, han ser oss med skarpt blikk og grubler fram strategi for cup-kampene.
Til cupen ellers mener vi å ha en klar fordel av å spille på hjemmebane, kanskje mest av alt fordi vi regner med at bygda støtter oss høylytt fra tribuna (håper mange i Aurland leser dette)!

Det er gledelig å se at flere lag har dukka opp i pulja vår! Lærdal har invitert oss på treningskamp, så det håper vi å få til. Hadde vært greit å få testa kampformen før det braker løs i slutten av januar. Nabo-oppgjør er harde saker der hvor jeg kommer ifra i hvert fall, men det verste blir nok å bli høvla over av Kaupanger. Vi skal nok få kjørt oss! Det er med litt skrekkblanda fryd vi begir oss ut på vårt første møte med Veterancup, men det som er helt sikkert, vi DIGGER å spille fotball igjen!

 

Julekalenderen kjem tilbake!

Frå 1. desember til og med julaftan vil de finna kalenderluker her på heimesida. Quizmaster Lars vil kvar dag presentera oppgåver om fotball eller anna som kan knytast til Veterancupen. I tillegg kan det koma spørsmål med andre tema. Det blir premiering samanlagt samt trekt ut deltakarpremiar.

Vinnaren/-ane vert presentert og premiert på banketten.

Me håpar på god deltaking i denne prestisjetunge konkurransen!

Lars E.

Veteran(cup)legen

Geir Berge Øverland har dei siste fire åra vore cupen sin legedelegerte. Dette i godt samarbeid med dei som har ansvaret for fyrstehjelp i samband med turneringa.

– Ja og dei gjer jo ein kjempejobb, seier Geir.

Med sin bakgrunn, er Øverland sin jobb fyrst og fremst å sjå til at fyrstehjelp er på plass på banene som er i bruk under Veterancupen.

– Ja, i tillegg til hallen i Lærdal har eg meg ein tur både til Aurland og Årdal. Og det har alltid vore ok, seier Øverland

Lite skadar

Sett i samanheng med kor mange som deltek på Veterancupen,  har det eigentleg vore lite skadar.

– Det meste har som regel ordna seg med bruk av isposar. Likevel, det er viktig å følgje med. Det er jo ikkje akkurat ungfolar som boltrar seg på parketten, men det skulle ein kanskje tru når ein ser på innsatsen. Her er det knallharde taklingar, det vert slett ikkje lagt noko i mellom, seier Geir.

Nattbading

Av meir pussige episodar nemner han den gongen to festdeltakarar tok seg eit seint bad i kanalen ved Løytnantsbryggja.

– Det var kanskje forfriskande men og kaldt vil eg tru. Problemet var at ein av dei fekk eit kutt i foten, og måtte syast. Men det gikk bra, eg fekk lappa han i hop at på akuttmottaket på sjukehuset, fortel Geir.

Gjevande

Veteranlegen seier det er mykje planlegging som må på plass før turneringa tek til.

– Ja det er mykje arbeid, men det er ein positiv gjeng som legg ned ein stor innsats heile vegen. Slik sett er det gjevande å vere med på, seier Geir Berge Øverland.

Steinar Kvigne