• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 2020

ME GLEDAR OSS OVER STADIGE PÅMELDINGAR TIL VETERANCUP 2022!

Landslagsklassa er så å seie fullteikna, me tel 32 påmelde lag søndag 10. oktober, og enda er det nokre veker igjen til påmeldingsfristen 1. november!

Det er knytt stor spenning til korleis Veterancup 2022 vil bli organisert og avvikla! Arbeidsgruppa har fått nye råmer rundt cupen, og  jobbar kontinuerleg med å sjå på best muleg løysing for å avvikle ein så god veterancup som muleg. Innan desse råmenene ynskjer ein å gi plass til flest mogleg, og helst alle, dei påmelde laga.

Den totale oversikta har me ikkje før fristen er ute 1. november. Me må difor be alle påmelde lag om å vente tålmodig til me er klare for å legge ut laga på heimesida vår, som er den endelege stadfestinga på at ein er sikra plass. Nokre eliteklubb-lag er sikra plass, og er difor allereie lagt ut. Resten må leve i spenning til etter 1. november.

Og dèt kan me sei dykk:

ME GIR ALT FOR Å GI PLASS TIL FLEST MOGLEG PÅ VETERANCUP 2022!

Og me vil vere så klare som muleg rundt 1. november, slik at puljar og lag blir lagt ut på heimesida raskast muleg!

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2021-10-11 06:31:492021-10-11 06:31:49ME GLEDAR OSS OVER STADIGE PÅMELDINGAR TIL VETERANCUP 2022!

Godt nyttår!

Me i Veterancupen er like klare som alle andre til å få 2020 overstått og sjå fram mot betre tider. Det blir ikkje Veterancup i 2021, men me får verkeleg tru det blir nye basketak i hallane i Lærdal, Årdal og Aurland siste helga i januar 2022. Og høg stemning på banketten, sjølvsagt.

Landslaga som var med på årets turnering har melda at dei ser stort fram til neste utgåve av turneringa. Sverige har dessutan melda at dei kjem, så her blir mange tidlegare storheiter å oppleva.

Med det ønskjer me riktig godt nytt år!

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Roald Flodsand http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Roald Flodsand2020-12-30 19:52:372020-12-30 19:53:24Godt nyttår!

Velkommen tilbake til Veterancup i 2022

VETERANCUPEN 2021 AVLYST

Siste melding, tidleg i oktober, gav ikkje store voner for VC 2021. Tilstanden no i november med sterk smitteauke, har fjerna alle mulegheiter for gjennomføring.

Me gjer oss istaden klar for siste helga i januar, 28.01-29.01 2022.

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2020-11-09 10:03:002020-11-17 21:29:02Velkommen tilbake til Veterancup i 2022

Det ser dårleg ut for Veterancup 2021

Siste melding (30.09) er at ein opnar opp for breiddefotball for dei over 20 år  frå 12.10.2020.

Litt tidlegare vart det meldt om at alle landskampar i haust, skal gå for tomme tribunar.

Slik det er pr. 01.10 er det i allefall  ikkje muleg med bankett.

Ser an utviklinga av pandemien fram til 01.11.

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2020-10-01 12:38:192020-10-01 12:38:19Det ser dårleg ut for Veterancup 2021

Blir det Veterancup i 2021?

Ja, det spør arrangørane seg også. Me planlegg i alle fall for å arrangera vinterens vakraste eventyr – Veterancupen – i januar, og håpar i det lengste at det skal bli realitet. Men sjølvsagt må cupen avlysast dersom det av smittevernsomsyn ikkje er tilrådeleg å avhalda eit slikt arrangement når me kjem so langt.

Me vil oppdatera på nettsida og Facebook så snart me veit meir om korleis dette blir, men oppmodar sjølvsagt til å trena godt i haust uansett!

 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Roald Flodsand http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Roald Flodsand2020-08-24 15:44:532020-09-21 21:25:08Blir det Veterancup i 2021?

Har tru på fleire landslag under Veterancupen 2021

Neste års Veterancup går av stabelen i Lærdal, Årdal og Aurland 29.- 30.- januar 2021.

– Alle landslaga som var med i år har meldt at dei vil koma attende, me trur også det kan bli enno fleire profilar – mellom anna har Tore Andre Flo sagt at han må leggja seg i hardtrening, seier turneringsleiar Roald Flodsand.

Eit storveges Veterancup-arrangement gjekk av stabelen 24. – 25. januar i år med landslagsklasse beståande av Noreg, Danmark, Finland, Island og Færøyane der danskane gjekk av med sigeren. Men til neste år kan det bli enno tøffare i landslagsklassa, trur Flodsand.

– Eg trur også me får med Sverige, det ser i alle fall veldig lovande ut no.

Dei fleste klassane var fullbooka under Veterancupen 2020, der totalt 56 lag stilte til fotballfest i Indre Sogn. Påmeldinga til neste års Veterancup opnar 1. september. Laga som var med i 2020 har forrang ved påmelding innan 1. november – då blir det opna for at andre lag også kan melda seg på.

 

http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Roald Flodsand http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Roald Flodsand2020-03-30 21:21:082020-09-21 21:25:21Har tru på fleire landslag under Veterancupen 2021

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Scroll to top Scroll to top Scroll to top