• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20212 / Frå Vicente Calderon til Lærdalshallen

Frå Vicente Calderon til Lærdalshallen

Eit strålande opplegg, seier Asbjørn Helgeland om veterancupen.

Ein mimrekveld på Kniksenpuben i september førde til at Fyllingen snekra saman eit lag til veteranturneringa i Lærdal.

Det er ikkje kva lag som helst, i september var det 30 år sidan Fyllingen møtte Atletico Madrid i Europa-cupen.

– Alle spelarane som kjem til turneringa med Fyllingen, var med på denne kampen, seier Asbjørn Helgeland, sentral i laget som tok seg til Europa-cupen.

Det vart rett nok tap både på Brann stadion (0-1) og på ærverdige Vicente Calderon (7-2). Men opplevinga var absolutt verd ei markering 30 år etter. Og det var på mimrekvelden forslaget kom.

– Det var Tor Vikenes som føreslo at me skulle stilla lag i veterancupen. Så på papiret har me eit slagkraftig lag. Kor sprekt det er, står att å sjå.

Helgeland var på laget i Fyllingen sin glansperiode frå 1990-93. Han fekk difor med seg cup-finalen mot Rosenborg i 1990. Der vart det rett nok eit solid 5-1 tap, men Fyllingen var i det gode selskap.

– Det var kjekkare å slå Brann 2-0 i semifinalen, minnest Helgeland.

Helgeland har vore i veterancupen tidlegare, då med Haugesund. Dei har reist heim att med gull i bagasjen to gonger. Helgeland ser fram til å ta del i veterancupen nok ein gong, men no altså med Fyllingen.

– Det er eit strålande opplegg som Roald og kompani har stelt i stand. No er det ei stund sidan me har vore der og eg vonar det blr mogleg å avvikla i januar. Det er alltid kjekt å møta tidlegare med- og motspelarar. Då er det ikkje vanskeleg å få praten i gang. Nei dette er eit kjempetiltak, så me vonar smittesituasjonen er slik at turneringa går som planlagd, seier Helgeland, som kan sjå tilbake på ei karriere på tennisbana som vestlandsmeister i sin årsklasse.

– Då eg var ferdig med fotballen, tok eg opp tennisen. Det bidreg til at eg held meg i brukbar form.

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
https://veterancup.no/wp-content/uploads/2021/12/Asbjorn-Helgeland-feature.jpg 534 951 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2021-12-09 18:54:302021-12-09 18:56:59Frå Vicente Calderon til Lærdalshallen

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Koronasituasjonen Link to: Koronasituasjonen Koronasituasjonen Link to: Veterancupen i Lærdal årets høydepunkt Link to: Veterancupen i Lærdal årets høydepunkt Veterancupen i Lærdal årets høydepunkt
Scroll to top Scroll to top Scroll to top