• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20212 / Vilje, humør og innsats

Vilje, humør og innsats

Det ligg i botn når oldgirls laget til Lærdal går på bana.

– I 2020 skåra me eitt mål, i år bør me i alle fall doble dette talet, seier Iris Blaaflat.

Dei har aldri vunne ein kamp i Veterancupen, men her er det mottoet tap og vinn med same sinn som er i fokus.

– Nei, me har ikkje fått nokon seier på bana, men festen vinn me uansett. Det gjer me jo alltid, seier Iris, primus motor for den humørfylte damegjengen.

Unngå skadar

I haust har dei trent ute to gonger i veka, men no har dei trekt inn i hallen. Og det aller viktigaste fram mot turneringa er å unngå skadar.

– Ja det er det absolutt ikkje rom for. På treningane er det alltid bånn gass, og det har ført til både ribbeinsbrot og ankelskadar. Eg trur nok mykje av skadeplagene skuldast manglande teknikk og fart, fortel Iris. Det handlar i alle fall ikkje om mangel på innsats.

– På trening er det ikkje fred å få, full fart heile tida. Her ligg me langt framfor karane, dei står meir i ro og trillar ballen til kvarandre. Me er nok litt grovare, seier Iris med eit smil.

At lærdalsdamene vil setje sitt preg på turneringa både sportsleg og sosialt er det i alle fall god grunn til å tru.

Steinar Kvigne
Foto: Privat

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
https://veterancup.no/wp-content/uploads/2021/11/Laerdal-Old-Girls-2022-feature.jpg 360 640 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2021-11-29 11:11:452021-11-29 15:29:13Vilje, humør og innsats

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Ordførarintervju med Trygve Skjerdal og Hilmar Høl Link to: Ordførarintervju med Trygve Skjerdal og Hilmar Høl Ordførarintervju med Trygve Skjerdal og Hilmar Høl Link to: Info om kampoppsett til VeteranCup 2022 Link to: Info om kampoppsett til VeteranCup 2022 Info om kampoppsett til VeteranCup 2022
Scroll to top Scroll to top Scroll to top