• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20172 / Stordal – solid støttespelar på fleire måtar.

Stordal – solid støttespelar på fleire måtar.

Stordal I.L. frå indre Sunnmøre er nok ein gammal travar i Veterancup. Dei har vore med heile vegen unntatt ein gong, og dei har bidratt med godt spel og gode resultat. Dei har vore i finalen i 50-klassen dei to siste åra, desse kampane enda med tap mot høvesvis Brann og Viking.

Primus motor Hallgeir Hove fortel at laget er i rute. Dei trenar ein gong i veka, og dei har målt krefter mot sitt eige 5. divisjonslag med siger som resultat. På bakgrunn av dette er Hallgeir & Co optimistar, noko dei er til vanleg også. Han fortel vidare at dei har slite litt med sjukdom og skader, men dei stiller uansett mannsterke.

Stordal og Veterancup er ikkje berre sjølve fotballen. Verksemda Stordal Møbel har i mange år gitt ein flott skinnstol til beste spelar i turneringa. Dette er me i leiinga svært takksame for. Det er raust gjort, og det er med på å gi oss eit kvalitetsstempel.

Me ynskjer Stordal velkomne til Veterancup nok ein gong!

Lars Einar Torsnes

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Lars Einar Torsnes http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Lars Einar Torsnes2017-01-19 20:08:572017-01-19 20:08:57Stordal – solid støttespelar på fleire måtar.

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Ham-Kam, artistane frå Mjøsas breidd. Link to: Ham-Kam, artistane frå Mjøsas breidd. Ham-Kam, artistane frå Mjøsas breidd. Link to: Vålerenga 50+, tilbake etter eitt års pause. Link to: Vålerenga 50+, tilbake etter eitt års pause. Vålerenga 50+, tilbake etter eitt års pause.
Scroll to top Scroll to top Scroll to top