• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20172 / Ham-Kam, artistane frå Mjøsas breidd.

Ham-Kam, artistane frå Mjøsas breidd.

Ham-Kam er eitt av våre mest trufaste deltakarlag. Dei har vore med alle gongene unntatt ein (stengt fjell), og dei har vunne veteranklassen heile fem gonger. Dei har såleis klart å få med seg ein pokal heim, og dei har to napp i den noverande vandrepokalen.

På bakgrunn av dette er Terje Kojedal det ein kan kalla forsiktig optimist. Han fortel at dei trenar fast ein gong i veka, to gonger når det høver. Dei har stort sett same lag som før med litt utskifte av folk. Ny av året er den ikkje ukjende Thorstein Helstad. Helstad har spelt i Tippeligaen for Brann, Rosenborg og Lillestrøm. Han hadde størst scoringssuksess i Brann der han spelte 147 kampar og scora 89 mål. Han har 38 A-landskampar og har scora 10 mål med flagget på brystet.

Som tidlegare peikar Terje på det sosiale med ei slik turnering. Det å treffa mange gamle og nokre nye kjende er ein svært viktig faktor ved eit slikt arrangement. Han rosar oss som arrangør, noko me set stor pris på. Heile laget ser fram til nok ei fin helg i Lærdal.

Me ynskjer Ham-Kam vel møtt og lykke til!

Lars Einar Torsnes

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Lars Einar Torsnes http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Lars Einar Torsnes2017-01-17 22:42:012017-01-17 22:42:01Ham-Kam, artistane frå Mjøsas breidd.

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Send inn laglister! Link to: Send inn laglister! Send inn laglister! Link to: Stordal – solid støttespelar på fleire måtar. Link to: Stordal – solid støttespelar på fleire måtar. Stordal – solid støttespelar på fleire måtar.
Scroll to top Scroll to top Scroll to top