Veterancupen blir snart arrangert for 16. gong. No er ein del av overskotet frå førre cup gitt til fotballspelande born.

Veterancupen feira 15 årsjubileum i 2013. I alle desse åra har arrangementet vore avhengig av viktig hjelp frå born og foreldre frå aldersbestemt fotball. Veterancupen vil gjerne gje noko attende til laga for innsatsen. Som før om åra, går difor ein del av overskotet til aldersbestemt fotball til idrettslaga Jotun, Lærdal og Aurland. I år har klubbane fått utdelt tilsaman 25 000 kroner.
Veterancupen vil samstundes få rette ei stor takk til andre frivillige og sponsarar som gjer turneringa mogleg.