• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Viking er i anmarsj

Viking er i anmarsj


Viking er, som alle veit, ei storheit i norsk fotball, Veterancup medrekna.  Me hugsar syttitalet med fire strake gull i 72-75 og The double i 79. I Veterancup har Viking vore årvisse gjester, og dei har vunne 50-klassen dei tre siste åra. Kanskje dei tek den fjerde og dermed kopierer gullalderen frå 40 år sidan?  For å få klarheit i dette har me hatt ein prat med Finn Krogh. Finn var med på The double i 79, og me må også nemna at han tok cupgull med Brann i 82 då dei vann 3-2 over Molde.

Finn fortel at dei i år stiller i V40 og V50.  Dei har ikkje laga heilt klare enno, men dei har ei god stamme med litt inn og ut av mannskap. Dei trenar ein gong i veka.  Finn vil trekkja fram det gode samarbeidet dei har med Haugesund. Viking har «overteke» spelarar frå Haugesund når arabarane ikkje har stilt lag sjølve. I år gjeld dette Roger Føleide, Jens Egil Vikanes og Åge Risanger.

Når Finn skal gje karakter til Veterancup, er det mange pluss i margen.  Han karakteriserer turneringa som ein kjekk møteplass der ein møter gamle og nye kjende til kappestrid og sosialt samvær. Det er kjekt med konkurranse slik at det ikkje vert berre bankett. Finn tykkjer det alltid er kjekt å koma attende til Lærdal, også fordi han sjølv budde Lærdal i ei årrekkje.

Finn har litt minus i margen også. Han seier at det tidvis har vore vel mykje folk, spesielt på banketten, men at dette har retta seg dei seinare åra. Det kan også bli litt stress med transport mellom hallane, men dette er småplukk, seier han.

Viking sine ambisjonar er å vidareføra sigersrekkja i V50. I klasse V40 har dei aldri vunne, men dei vil prøva i år. I denne klassen har det blitt nokre «nesten» utan at dei har klart å setja kruna på verket.



Me takkar for praten og ynskjer Viking vel møtt.

 Lars Einar Torsnes

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2013-01-17 00:00:002013-01-17 00:00:00Viking er i anmarsj

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Siste bilde i «bit for bit» konkurransen Link to: Siste bilde i «bit for bit» konkurransen Siste bilde i «bit for bit» konkurransen Link to: Fyrste utkast puljeoppsett Link to: Fyrste utkast puljeoppsett Fyrste utkast puljeoppsett
Scroll to top Scroll to top Scroll to top