HamKam og Terje Kojedal klar for nok ein Veterancup.
Ham-Kam er ein gammal travar i veterancupsamanheng, i år er dei med for 12. gong. I fjor sikra dei seg veteranpokalen til odel og eige med tre napp, dei to siste i 2010 og 2011.
Me har hatt ein prat med Terje Kojedal som forutan Ham-Kam har spelt for dei franske klubbane FC Mulhouse og UC Valenciennes.
Ham-Kam stiller med same mannskap for tredje år på rad, dette er nok ei av årsakene til at dei har prestert så godt desse åra. Terje nemner, ikke uventa, det sosiale som viktigaste element i Veterancup. I tillegg er det sjølvsagt moro å få god matching mot gamle og nye kjende. Veterancupen gjev motivasjon til trening haust og vinter. Ham-Kam veteran spelar også sjuarfotball lokalt på Hedemarken sommarstid.
Med to klassesigrar på rappen og ny, skinande pokal i år, er det vel unødvendig å spørja om årets ambisjonar. Ham-Kam går for GULL.
Met takkar for praten, og ynskjer Ham-Kam vel møtt og lukke til i årets Veterancup.
Lars Einar Torsnes