Nordnes IL er i rute.

 





Eit av dei faste innslaga i Veterancup er Nordnes I.L. frå Bergen.  Dei er i år med for tiande gong, og dei stiller i år i Veteran 50.  Me har hatt ein prat med primus motor Kjell Erik Ødemark.

Kjell Erik fortel at Nordnes er i rute med førebuingane til årets store happening.  Dei er med i Vadmyra Cup der dei sist helg vann alle innleiande kampar, og til helga ventar semifinale. Laget er, for å sitera Kjell, ”relativt skadefritt”.

Kjell Erik trekkjer, ikkje uventa, fram det sosiale som det viktigaste ved denne turneringa.  Laget hans har ikkje ambisjonar om å vinna turneringa, men dei tek sikte på å koma så langt at dei ikkje er første lag på puben laurdag ettermiddag.  Favoritt i V50 er, etter Kjell si meining, Viking.

Me takkar for praten og ynskjer Nordnes I.L. velkomne til parkett og bankett!

 

Intervjua av : Lars Einar Torsnes