Kjell Ødemark og Nordnes er klare :-)



Bergenslaget Nordnes er ein  gjengangar i Veterancup.  Dei  byrja i old-boys og veteran,  og etter som åra har gått, har dei  hamna i veteran 40 og veteran 50. 

Dei har vore med 9 gonger, og dei omtalar innsatsen som jamn utan dei heilt store toppane.


 


Ambisjonane for turneringa er å gå vidare, sjølv om det blir hardt. Dei har førebudd seg godt, og denne helga spelte dei i ei turnering i Bergen der det vart tap i semifinalen mot Brann.


 


På spørsmål om kvifor dei er med i Veterancup er Kjell snøgg med å trekkja fram det sosiale. Det å treffa likesinna, gamle og nye fjes, er svært givande.  I tillegg er det sjølvsagt kjekt å måla krefter med lag frå ulike nivå.


 


Kjell reknar Brann og Viking som favorittar i V50-klassen, men cup er cup!


 


Me ynskjer Kjell Ødemark og Nordnes lukke til med Veterancup!

Av: Lars Einar Torsnes