Onsdagsportrett 12. januar




Navn     Eva Tangen


Klubb     Midsund IL


Klasse i veterancup          Old Girls

Kva lag har du spela for gjennom tidene?


Midsund IL


 


Kva er dine beste minne frå fotballkarriera?


Alt det SOSIALE som kjem i tillegg til det sportslige. Vi er ein gjeng damer som har spela fotball ilag i over 20 år, og det er liv og røre rundt oss både på bana og utanfor. Det er så vidt vi har fått innvilga svangerskapspermisjon til tider….


 


…og det største høgdepunktet?


Å bli kåra til årets spelar i 2008 og få trampeklapp på fotballfesten var stort.                                          Og 2005 sesongen; vi spela 7’ar både i Sunnmørsserien og serien i Nordmøre- og Romsdal, og me vann begge!  Me spela 24 kampar, vann 23 og tapte 1. Me va rett og slett ’steike go’!


 


Kva er den verste/mest skuffande opplevinga på fotballbana?


Fortrengt for lenge sidan, vil ikkje ta det fram att…. J


 


…nokon svært morsomme eller pinlege?


Mest pinlege er det sikkert  ikkje, men det som eg huskar best er sjølvmålet i min aller første fotballkamp som 14 åring. Heimekamp på Skeidvoll grusbane, presterte å pannebraske motlagets hjørnespark utagbart i mål… 


 


Kva ville du ha endra på av fotballreglar om du var ’heilt sjef’?


Videodømming innafor 16.meteren i Eliteserien? Det er i alle fall mykje frustrasjon etter kampar der feildømming blir avgjerande for kampresultatet.


 


Kvifor til Lærdal på Veterancup?


Heile ramma rundt cupen er bra. Dette blir 4. året vi er med, og er blitt ein tradisjon. Småjentene på laget vårt ser faktisk fram til å bli så gamle at dei får vere med, for vi ’mimrar’ mykje om alt det artige vi har opplevd. Frå vi sett oss i bilen fredagsmorgon til vi kjem heim søndag kveld er det prat og fjas, latter, fotball, bankett, dansing, nachspiel, dans oppå bordet, lite søvn osv… Akkurat slik vi vil ha det.


 


Kven er favoritt i Lærdal 2011?


MIDSUND Old Girls (tapte semin i fjor, målet i år er å nå finalen)


 


Filtball eller futsalball?


Vi er vant til filtball, men me takla nok ein futsalball òg..


 


Kva  skal til for at ein vanleg fredagskveld blir ein GOD kveld hos deg?


Etter at ungane er skyssa i seng; sofa, rødvin, Graham Norton show på TVNorge.


 


Fredag 28. januar blir ingen vanleg fredagskveld! Men tradisjonen tru, skal den bli både god, glad og artig!


Velkommen til Lærdal siste helga i januar!


 


God helg!