Overskot i Veterancupen kjem dei yngste tilgode.



Veterancup har i alle år hatt som formål å dela overskotet frå turneringen ut til yngre fotballspelarar.

Ein av våre sponsorar, Aurland Sparebank hadde ordna med sjekk utkriven på kr. 70.000, som skal fordelast på dei ulike klubbane.

I Jotun har det vore tradisjon og bruka desse pengane på dei lagea som skal på Norwaycup.  Under veterancuphelga er desse gutane og jentene saman med sine foreldre i full sving for at arrangementet skal gå knirkefritt.


Dette har vore ei god løysing for arrangørane i alle år, då er det med stor glede me deler ut att overskotet, seier veterancupleiinga.


Foto: Jan Egil Fimreite, Sogn Avis


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no