Fredagsportrett 7. januar
Navn: Atle Torvanger
Klubb: Sogndal
Klasse i veterancup: Veteran
Kva lag har du spela for gjennom tidene?
Bremanger, Sogndal og Brann
Kva er dine beste minne frå fotballkarriera?
Alt det positive som fotballen har gitt i form av samhald, trivsel, vener i det heile fantastisk mykje moro !
og det største høgdepunktet?
Cupfinalane i 88 (med Brann) kjem truleg høgast på lista sjølv om det vart tap mot Rosenborg i omkampen på Ullevål. Fekk òg inn ei scoring i den første kampen som sit spikra i minnet. Elles opplevde eg fleire opprykk til Tippeligaen med Sogndal som òg var store opplevingar og ikkje minst spele i øverste divisjon for ein klubb som Sogndal synest eg var stort.
Kva er den verste/mest skuffande opplevinga på fotballbana?
Nedrykket med Sogndal i 1992 frå Tippeligaen er det som eg minnast som mest skuffande. Og i tillegg at eg ikkje vart kretsmeister i aldersfastlagde klassar med moderklubben Bremanger etter å vore i finalen 4-5 år på rad.
nokon svært morsomme eller pinlege?
Det som skjedde under feiringa av målet mitt i den nemnde cupfinalen i 88 i ei klynge av lagkameratar var litt spesielt
.. (for fleire detaljar kontakt min dåværande lagkamerat Trond Nordeide).
Kva ville du ha endra på av fotballreglar om du var heilt sjef?
Synest at reglane er heilt greie som dei er.
Kvifor til Lærdal på Veterancup?
Fordi det er knakande moro ! Har med eit unntak eller to vore på alle turneringane. Det sportslege er sjølvsagt viktig når ein først stiller opp, men det banketten og festen og det sosiale rundt den som verkeleg er høgdepunktet.
Kven er favoritt i Lærdal 2011?
Kan sjå ut som Brann har eit godt lag på papiret, men òg Strømmen ser sterke ut.
Filtball eller futsalball?
Føretrekk eigentleg ein vanleg uteball, men må eg velje går eg for futsalball.
Kva skal til for at ein vanleg fredagskveld blir ein GOD kveld hos deg?
Alle vanlege fredagskveldar er gode når ein veit at to fridagar står for dør, men ein god krim eller konsert på tv (t.d. med Rolling Stones) hjelper på.
Fredag 28. januar blir ingen vanleg fredagskveld! Men tradisjonen tru, skal den bli både god, glad og artig!
Velkommen til Lærdal siste helga i januar!
God helg!