Generell informasjon til Veterancup-helga 2011
Overnatting
Grunna manglande overnattingskapasitet i Lærdal, vil laga bu slik;
Old girls og old boys bur på Klingenberg Hotel, Årdalstangen
Resten av overnattingane blir fordelt mellom Lærdal og Aurland
ALL tinging av overnatting skal skje ved at de går inn på Informasjon og føl retningslinjene der.
Prisar 2011
Styret ventar på oppdaterte prisar frå Lærdal ferie- og fritidspark, og håpar å få dei oppdaterte iløpet av november
Andre prisar på sida er oppdaterte for 2011
Måltid og transport
Måltid og opphald for laga blir der ein er innlosjerte heile helga, utanom laurdag kveld.
Laurdag samlast alle til bankett, utdelingar og dans ved Lærdal Hotell. Veterancup organiserer transport til og frå hotellet for laga som bur på Årdalstangen og i Aurland.
9 pr lag
Me minner om at det i 2011 er ei maksgrense på 9 spelarar per lag i forhold til overnattings- og bankettplassar.
Publisert: mona@sognenett.no