Stordal, eit av dei rutinerte laga.
Stordal har fleire gonger gjort det godt resultatmessig med fleire semifinalar og kruna på verket: finalesiger over Brann i Old boys-klassen i 2003. Stordal er ikkje snauare enn at dei siktar høgt sportsleg, spesielt i V50, sjølv om dei sjølvsagt møter sterk motstand. I 40-klassen reknar Hallgeir Vålerenga og Viking som favorittar, og han tek også med Viking i 50-klassen. Her nemner han Stordal og Bærum som farlege outsiderar. Når me ber om tre gode grunnar for å vera med i Veterancup, så nemner Hallgeir straks det sosiale. Ein kjenner seg som i ein stor familie. Han nemner vidare at konkurranseinstinktet får utløp sjølv om ein er komen i ein respektabel fotballalder. Sist, men ikkje minst, nemner han arrangørstaben med Roald i spissen. Den ramma og profesjonaliteten som pregar veterancupen, gjer at ein rett og slett får lyst til å vera med. Det er eit stort pluss at klassane vert utvida oppover i alder. Ein vert vel aldri for gammal til å ha glede av fotball. Me ynskjer Stordal lukke til og velkomen til Veterancup!
Stordal er eit av dei verkeleg rutinerte laga i Veterancup. Me har hatt ein prat med Hallgeir Hove. Hallgeir kan fortelja at Stordal har vore med alle åra unntatt eitt, og dei har tidvis delteke i to klassar. No deltek dei i veteran 40 og veteran 50.
For nettsida: Lars E. Torsnes
Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no