Jondal oldboys kjem tilbake også i år…



Me har teke ein prat med primus motor, Atle Sollesnes.

Jondal I.L. frå Hardanger har dei seinare åra vore trufaste deltakarar i veterancupen. Trass  i at Jondal er ein liten kommune, om lag 1000 innbyggjarar, så har dei fått fram ein del gode fotballårgangar som altså no blømer blant dei godt  vaksne.  Jondal har delteke i veterancupen sju gonger, og dei har kome til old boys-finalen ved to høve.

For sportrsinteresserte er vel Jondal best kjend for Folgefonna Sommarskisenter, eit mykje brukt anlegg for både amatør og proff.


Jondal deltek med 8-10 mann, noko usikkert i skrivande stund.  Dette er stort sett gamle travarar som har vore med heile tida. Atle omtalar veterancupen som årets happening, ein fin sjanse til å koma saman ei helg.  Han ser det sosiale som den klart viktigaste grunnen til å vera med.  Det er kjekt å møta likesinna, anten dei har spelt i 6. divisjon eller på toppnivå.


Sidan Jondal har hevda seg ved nokre høve, er ambisjonane å prøva å koma lengst mogeleg.  Atle ser Jotun som ein klar favoritt, men også Stryn kan verta farlege.


Me ynskjer  Jondal I.L. velkomne til Veterancup.


for nettsida: Lars E. Torsnes


Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no