Nettsida har snakka med Svein Inge Thime
For å avvikla ein fotballkamp treng ein som kjent to lag og ein dommar. . I tillegg har han om lag 100 internasjonale kampar fordelt på 15 år. Han var utteken til OL i Moskva i 1980 men måtte bli heime som fylgje av den norske boikotten av leikane der. Han er også rutinert i veterancupsamanheng; dette er 10. gongen han er med. Svein Inge er full av lovord om Veterancupen og staben kring arrangementet. Ein får oppleva mange kjende lag i eit triveleg miljø. Fotballkvaliteten har auka år for år, og Svein Inge seier at han gler seg når han ser at vinnarinstinktet i 50+ klassen er minst like kraftig som i gamle dagar. Han trekkjer og fram mangfaldet i turneringa der femtedivisjonslag frå Sogn kan møta cupvinnarar frå Brann. Når det gjeld dei utanlandske laga, derimot, er han meir forsiktig med superlativa. Han er full av skryt over Lyngby, medan han meiner at dei engelske innslaga har bore preg av litt mykje «publag», i alle høve har dei ikkje heva kvaliteten etter Svein Inge sitt syn. Sist, men ikkje minst, trekkjer Svein Inge fram damelaga som ein svært viktig miljøfaktor under turneringa. Veterancupen fekk ein ny dimensjon då damene gjorde sitt inntog, både sportsleg og sosialt. Me ynskjer Svein Inge velkomen til nok ei turnering. Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no
Me har teke ein prat med ein av landets aller mest rutinerte dommarar, Svein Inge Thime.
Svein Inge har dømt nær 200 kampar på øvste nivå her i landet over ein periode på 18 år.
For nettsida: Lars E. Torsnes