Litt om Transport!
I år som tidlegare år, vert det sett opp bussruter frå austlandet og vestlandet til Lærdal, fredag morgon.
Det er planar om ein buss går frå Fredrikstad kl 07.40 fredag morgon, som vil vere i Oslo ca 09.30.
Her er det mogeleg å tinge plass på vegen.
På søndag morgon vil bussen gå i retur til Oslo og Fredrikstad kl 11.00. Tur-/retur Oslo, inkl interntransport i helga kostar kr 650,- pr. person. Ta kontakt dersom de ynskjer å vere med.
Frå Flesland og Bergen sentrum (bystation) vert det sett opp fleire bussar til Lærdal på fredag. Det vert lagt opp til at fyrste bussen frå Flesland går kl. 09.00. Den siste bussen frå Bergen vil truleg gå kl. 11.00. Tur-/retur Bergen kostar kr. 550,-. Ta kontakt dersom de ynskjer å vere med.
Sønadg morgon vil bussane returnere i tidsrommet mellom kl 10.00 og 12.00.
NB! Tidspunkta kan bli endra.
Under turneringa vil det verta sett opp bussrute mellom Lærdalshallen og Lærdal Hotel, med avgang frå Lærdalshallen kvar heil- og halv time.
I tillegg vil det bli sett opp bussruter til Tangenhallen og Årdalshallen fredag kveld og laurdag for dei som har bestilt transport.
Spørsmål angåande transport, kan rettast til Harald Stadheim; hst@ardal.kommune.no eller til Rune Bolstad; Rune.Bolstad@1881.no
Publisert: Ruth Laberg, Ruthl@mail.ardalsnett.no