Veteranane vaknar til liv…..
……og sjølvsagt er det «ringreven» frå Brann som er flink og oppdatera nettsida. 🙂
Terje melder frå Bergen, at dei er godt i gang med forberedelsane til årets største «happening». Han fortel at Kjellien styrer med «jernhand». Til årets turnering, stiller Brann med både 40 og 50 års lag.
Terje spelar på 50 års laget, så det er dette han kjenner best. Kjellien har full kontroll. Laget har trent godt og skal vera med i ei turnering neste helg i Vadmyrahallen. Denne turneringa vert nok ei «uttaksturnering» for årets 50 + lag. Pågangen har vore enorm, med mange spelarar som gjerne vil vera med til Lærdal. Terje røpar at det i år vert med 3 debutantar på 50 års laget ( endeleg gamle nok) Dette er spelarar som har vore i Brannmiljøet i mange år, men namna er foreløbig hemmelege. 🙂
Uttaket vert nok vanskelig for Kjellien denne gangen. Han skal ta hensyn til både fotballtekniske og sosiale egenkapar når han plukkar ut dei 8 – 10 heldige som får billett til årets høgdepunkt siste helga i Januar. Lagoppstilling vert røpa rett før avreise.
Brann gledar seg veldig til årets turnering og har besemt seg for ikkje å reisa tomhendt heim til Norges vakraste by.
Takk til Terje for info frå Brann !
Publisert: ruthl@mail.ardalsnett.no