• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20222 / Vil ha fleire lag i dei yngste klassane – oppsummering frå turne...

Vil ha fleire lag i dei yngste klassane – oppsummering frå turneringsleiar

Turneringsleiar Roald Flodsand er godt nøgd med årets cup. Eit klart mål for
neste år er fleire lag i oldgirls og oldboys.

Veterancupen 2025 vert skipa til 24-26. januar.
-Planen er at denne vert etter same lest som i år, men me håpar å få med
fleire lag i dei yngste klassane. Me må byrja i den enden, jobba inn mot
klubbane for å få med fleire. I klassen for oldboys var det i år ingen lag
påmeldt. Så her må det bli ei restarting, seier Roald.

Han er godt nøgd med gjennomføringa, og rosar dugnadsinnsatsen.
-Heilt fantastisk. Det er dugnadshjelp frå folk i Årdal, Aurland og Lærdal som
gjer det mogleg for oss å gjennomføre Veterancupen år etter år. Og likeeins
støtte frå sponsorar. Dette er me sjølvsagt svært takksame for, seier Roald.
Når det gjeld skader på spelarar i samband med cupen har det ikkje vore
noko av betydning, og tilbakemeldingar frå spelarar og leiarar er av det
positive slaget.

På det meste deltok 66 lag i Veterancupen, dette var nok for mykje, men
Roald meiner ein har kapasiet til kring 50.
– Me er interessert i å få med fleire lag, ikkje berre elitelag, også lag lengre
nede i divisjonane. Ikkje minst lokale klubbar. At Vik i år gjorde comeback
etter fleire års fråver var veldig kjekt, men fleire lag frå vår region er
ynskjeleg, seier han.
«Fotball for Ukraina» er ein svært viktig del av Veterancupen. I nær framtid vil
det bli sendt vintersoveposar til ein verdi av om lag 500.000 kroner til det
krigsherja landet.
-Håpet er å sende fleire sjukebilar. Hjelpe til med straumaggregat og
eventuelt andre nødvendige ting. Behovet er stort, så det er framleis mogleg
å vippse pengar til organisasjonen, avsluttar Roald Flodsand.

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
https://veterancup.no/wp-content/uploads/2024/02/IMG_2951-rotated.jpg 640 480 Anita Laberg Øvstetun http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Anita Laberg Øvstetun2024-02-01 14:28:182024-02-01 14:28:18Vil ha fleire lag i dei yngste klassane – oppsummering frå turneringsleiar

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: 2024-cupen er historie / 2024-cup is now history Link to: 2024-cupen er historie / 2024-cup is now history 2024-cupen er historie / 2024-cup is now history Link to: Klassevinnar og beste spelar Link to: Klassevinnar og beste spelar Klassevinnar og beste spelar
Scroll to top Scroll to top Scroll to top