• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20232 / Dommaransvarleg Torstein Kvam

Dommaransvarleg Torstein Kvam

 

Torstein Kvam (73) er klar for nok ein Veterancup
Klubb: Jotun handball, Årdal FK fotball.

Torstein har dømt fotallkampar i 40 år – handballkampar i 50 år. Med andre
ord ein skikkeleg veteran som pipeblåsar. Og frameis held han på.
– Eg har slutta å dømme fotballkampar utandørs. No er det innefotball, og
handball i 3. og 4. divisjon region vest, fortel Torstein.


Veldig kjekt
Sidan Veterancupen starta har Torstein kvart år vore med som dommar.
-Ei fantastisk fin turnering. Veldig kjekt, artig å vere med på. Og me har vore
sparsomme for arrangøren. Me treng seks, sju domarar, og brukar lokale folk
som gjer dette på dugnad.
– Desse gjer ein god jobb, men det er ikkje til å legge skjul på at det hadde
vore enklare å få med meir erfarne domarar dersom ein hadde betalt litt for
det, meiner Torstein.

Streng i maska
Engasjementet blant spelarane i Veterancupen er stort, når skoa er knytt og
dei går inn på parketten er innsatsen stor – sjølvsagt har ingen har lyst å tape
tape kampen.
Må du vere streng i blant.
– Er ein litt «tjommi» så går det stort sett greitt, men det kan hende eg må bli
litt streng i maska, seier Torstein.
Kven er er verst damer eller herrar? Det er nok herrane, damene er jo berre
snille, meiner Torstein. Og legg til:

-Vålerenga og Erik Foss var verst. Han var åplaus, klaga på alt, og som oftast
hadde han feil, minnest Torstein Kvam. Etter mange år i Veterancupen med
mange god
minner trekkjer han fram det danske laget med brødrene Laudrup som ein
veldig triveleg gjeng. -Heilt fantastisk.
Korleis er formen din fram mot turneringa?
-Til å vere 73 år er eg rimeleg bra. Løpsformen er ikkje all verden, men helsa
er god, avsluttar domarveteranen.

Steinar Kvigne

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
https://veterancup.no/wp-content/uploads/2023/12/IMG_5360.jpg 240 179 Anita Laberg Øvstetun http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Anita Laberg Øvstetun2023-12-07 15:07:322023-12-07 15:12:07Dommaransvarleg Torstein Kvam

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Gjengen bak Veterancup nominert til Årets namn 2023 Link to: Gjengen bak Veterancup nominert til Årets namn 2023 Gjengen bak Veterancup nominert til Årets namn 2023 Link to: Videohelsing: Håvard Flo Link to: Videohelsing: Håvard Flo Videohelsing: Håvard Flo
Scroll to top Scroll to top Scroll to top