Nok ein ambulanse til Ukraina

Mange var samla ved Lærdal sjukehus då «Fotball for Ukraina/Veterancupen» fredag tok i mot ambulansen gitt av Helse Førde.

Tidlegare har helseføretaket gitt ein brukt ambulanse til Ukraina, og fredag var
administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden på plass for å overrekke nok ein bil. I
tillegg til folk frå helseføretaket var, representantar frå Veterancupen, fotballkrinsen og
ordførarane i Lærdal, Årdal og Aurland til stades.

Stort behov
Roald Flodsand i Veterancupen takka for bilen, og la vekt på kor mykje dette betydde for
fok i det krigsherja landet Ukraina.
– Me er veldig glade for at Helse Førde gjev oss denne ambulansen, for behovet i Ukraina er enormt, sa Flodsand. Arve Varden sa det var ei stor ære å kunne bidra til eit slikt tiltak og skrytte av engasjementet Veterancupen viste for å hjelpe folk i Ukraina i den vanskelege situasjon dei står i.

Tekst: Steinar Kvigne
Foto: Karoline Thyri, Elisabeth Thyri (øvste bilete).