• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20232 / Kaupanger stiller med tre lag

Kaupanger stiller med tre lag

-Interessa er stor, men me slit med ein del skadar hjå oss eldste. Akkurat no er me fire og ein halv spelar på 50+ laget, men eg håpar å få med nokre fleire «kroppsdelar» før det brakar laus, seier Mona Teigen Kvam – primus motor for Kaupangerdamene.

Reint sportsleg, kva er målsetjinga?

-Sidan me er litt få spelarar i eldste klasse må vel målet vere å gjennomføre med stil. Likevel, når me er på bana sler nok vinnarinnstinktet inn for fullt, så me får berre sjå kor langt det rekk, seier Mona. Ho meiner Old Girls og Veterandamene siktar seg inn mot gull.

-Ja kjenner eg dei rett så gjer dei nok det, og det meinar eg absolutt dei bør gjere. Så om me gamle kan trylla fram litt ekstra krefter, så hadde det vore stor stas med tre gull til Kaupanger. Likevel, me må nok fyrst og fremst konsentrere oss om å få på plass nok spelarar tenkjer eg.

I rute

Korleis er det med treningsgrunnlaget, spissar de formen fram mot turneringa?

-Tja sei det. Nokre av oss spelar fotball 1-2 gonger i veka, medan andre kviler seg i form. I desember og juleferien blir det lite trening for min del. Men å vite at det er Veterancup om nokre veker gir motivasjon for å kome i gang att, seier Mona.

Har trua

Nokre spelarar må melde pass på grunn av skadar, men andre som er halvskada gir jernet, og håpar det skal gå bra.

-Det er nok mange som har litt vondt her og der, men dette ordnar seg som regel med litt medisinering undervegs. Akkurat det er me faktisk gode på, seier Mona. Kaupangerdamene meiner det sosiale aspektet i Veterancupen er veldig bra.

-Det er jo heile pakken som er viktig for oss. Reise på fotballtur i lag, oppvarminga, kampane, sjå andre spele, og vere sosiale med laget og andre lag. Å møte gamle kjente mellom og etter kampane er svært kjekt. Me gledar oss veldig, avsluttar Mona Teigen Kvam.

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
https://veterancup.no/wp-content/uploads/2024/01/kaupanger2.jpg 304 354 Anita Laberg Øvstetun http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Anita Laberg Øvstetun2024-01-03 11:55:582024-01-06 19:32:27Kaupanger stiller med tre lag

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Steffen Iversen deltok for fyrste gong i 2023 Link to: Steffen Iversen deltok for fyrste gong i 2023 Steffen Iversen deltok for fyrste gong i 2023 Link to: Ukraina vil forsvare titlane sine frå i fjor Link to: Ukraina vil forsvare titlane sine frå i fjor Ukraina vil forsvare titlane sine frå i fjor
Scroll to top Scroll to top Scroll to top