Lærdal stiller to damelag
Lærdal stiller to damelag
Har meldt på lag både i oldgirls- og veteranklassen.
-Me har i år eit samarbeid med Aurland – det er veldig kjekt, seier spelar og lagleiar Iris Blaaflat. No er dei i alt 21 spelarar fordelt på to lag, der tre av desse er aurlendingar.
I fjor var lærdalsdamene med i oldgirls klassen. Dette ga heilt klart meirsmak både sportsleg og sosialt.
– Ja det var kjempeartig. Me vann to kampar så me vil jo prøve til att, seier Iris
Venteliste
Lærdalsdamene trenar to gonger for veka, ei økt i hallen på øyri og ei i gymsalen på Ljøsne.
-Ja og tilgangen på spelarar er god. På Ljøsne, der det er minst plass, er det venteliste på trening. Humør og innsats er ikkje mangelvare, stemningen er høg. Det vitnar om kor kjekt me har det, seier Iris. For komande turnering er ambisjonen å ha det minst like gøy som i fjor.
Blå tape på resept
Iris innrømmer likevel at ho er ein dårleg tapar.
-Det er ilt å tapa, då kan eg sova litt dårleg om nettene, men det sit ikkje lenge i for me gjer jo vårt beste. No er det viktig at spelarane held seg friske og skadefrie til turneringa siste helga i januar.
– Ja det går ein par rullar med blå sportstape på kvar trening. Dette kostar jo ein del, så eg trur me må spørje fastlegen om få tapen på blå resept, seier Iris Blaaflat.
Steinar Kvigne