Stol på Stordal!

Stordal IL er eitt av laga som har vore med på Veterancup heilt sidan oppstarten for 25 år sidan og etter to-års koronapause er vi meir enn klare for å ta turen til Lærdal att.

Underteikna har – med unntak av det første året – vore so heldig å få tatt del på alle. Fleire av dei andre på laget, er også godt kjent i Lærdal og det er ikkje til å legge skjul på at denne helga i Sogn i slutten av januar er eitt av årets desiderte høgdepunkt.

Stordal har hevda seg godt og kan sjå tilbake på mange sportslege oppturar. Det har blitt mange semifinalar og også fleire finalar. I 2002 gjekk vi endåtil heilt til topps (den gongen i oldboys-klassa), etter å ha slått Brann 2-1 i finalen. Erik Foss passa då sjølvsagt på å gni det inn overfor Brann-gjengen, då han med mikrofonen i hand på banketten, påstod at raudtrøyene vart slått av eit postnummer!

Etter planen skulle Stordal i år stille lag både i 50+ og i 60+, men på grunn av stadig fleire ute med skade blant dei eldste, vart det dessverre ikkje mulig å få mange nok klar til dette eldste laget. Ein konsekvens vert då også at dei eldste spelarane på Stordal sitt lag i klasse 50+ blir heile 18 år eldre enn dei yngste på motstandarlaga. Men så er det alltid greit med rutine også då!

No er det ikkje berre ute på parketten Stordal gjer seg bemerka under Veterancup. Vi synes naturlegvis det er stor stas at Stordal Møbel i alle år har vore ein viktig støttespelar for arrangementet, noko som m.a. inneber at turneringas beste spelar, får ein kvalitetsstol nettopp frå Stordal som premie.

Når vi no likevel «har ordet», er det verkeleg på sin plass å rette fokuset på de arrangørane. Innsatsen de har lagt ned er enorm og det over ein periode på heile 25 år! Tenk på kor mykje Veterancup har betydd og det for  mange! Årets utgåve av Veterancup ser definitivt ikkje ut til å bli noko unntak!

Vi er særs takksame og gler oss umåteleg mykje til at vi endeleg skal kunne møtast i Lærdal att!

Hipp, hurra for Roald og Co!

Tekst: Hallgeir Hove


Vinnarar Oldboys, Veterancup 2002. Foto: privat

Stordal IL, superveteran 2019. Foto: privat