– Dette blir veldig stort
For Håvard Flo blir Veterancupen i år ei heilt spesiell oppleving. Her får han møte ein gamal lagkompis frå tida han spelte for Werder Bremen – ukrainaren Yuriy Maksimov. Dette skjedde i perioden 1997-1999.
Ukrania stiller med eitt landslag og eitt klubblag til årets turnering. Flo seier det alltid er kjekt å vere på Veterancupen, men at det i år blir ekstra stas år når han får møte Ukraina, der Maksimov er ein del av laget.
– Eg hugsar Yuriy som ein veldig grei kar. Relativt stille, men sosial. Me fekk god kontakt både på og utanfor bana. Ein god midtbanespelar, som og hadde landskampar for Ukraina, seier Håvard Flo. I starten var det ein del språkproblem, men det gikk seg til etter kvart.
– Etter at eg byrja i Wolverhampton miste me kontakten, så eg ser verkeleg fram til å møte han igjen, og mimre litt om fortida, seier Håvard.
Flo er svært positiv til at Ukraina sine veteranar kjem til årets cup siste helga i januar.
– Eit fantastisk godt initiativ av Veterancupen, som eg verkeleg applauderer. Me må alle ta innover oss det grufulle som har skjedd og framleis skjer i Ukraina. At to ukrainske fotballag kjem til turneringa er ein fin måte å vise at me verkeleg bryr oss, seier Håvard Flo.
Den tidlegare proffspelaren gledar seg til å spele for landslaget til Norge.
– Heilt klart, men det er blitt ein trend at cupen alltid kjem for fort på meg. Eg flyg no litt i fjellet, og går ein del å ski, men når ein skal springe att og fram i ein idrettshall så sler pumpa fort, seier Håvard Flo. Han ser fram til turneringa og seier dei stiller med ein fin gjeng.
– Du veit når Harald Aabrekk er manager er det berre å lytte og halde kjeft, avsluttar Flo.
Tekst: Steinar Kvigne
Foto: Privat