Knudsen – The bobble hat keeper
For Jan Martin Knudsen, mangeårig landslagskeeper for Færøyane, har den kvite topplua blitt hans kjennemerke. Den har han brukt sidan han var 14 år gamal, etter at han fekk ein hovudskade.
I januar kjem 54 åringen til Veterancupen i lag med resten av eit sterkt færøyisk landslag for å kjempe mot dei andre nordiske landa.
Landskampar
I perioden 1988-2006 spelte Knudsen 65 landskampar for heimlandet sitt. Keeperen, som la opp
om 40 åring, starta karrieren i NSI Runavik. Neste stogg vart Island, der han spelte to sesongar for klubben Leitur
Utlån
Etter dette var Knudsen på utlån til den skotske klubben AYR, før han reiste tilbake til Leitur. Mannen med den kvite topplua returnerte i 2001 til moderklubben NSI Runavik, då som spelande trenar. Han avslutta ei lang og innhaldsrik fotballkarriere i 2006.