• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / 20212 / Drakta kjenner ingen alder

Drakta kjenner ingen alder

– Me går alltid på bana for å vinna. Sjølv om det er mykje leik og moro, så er det alvor når du får på deg drakta.

Det seier Kjetil Wæhler, den kompromisslause forsvarsspelaren som stiller for veteranlandslaget i turneringa.

Dei tapte finalen mot Danmark for to år sidan og er ute etter revansje.

– Danmark var hakket betre enn dei andre sist, så får me sjå kor god form dei er i denne gong. Det er skilnad på formen i dag i høve til for 15-20 år sidan, då formen var på topp.

Lang karriere

Wæhler har ei lang karriere som aktiv fotballspelar bak seg, blant anna i Wimbledon, Vålerenga og IFK Gøteborg. Dei to sistenemnde fekk han cup-gull med.
Han fekk også nokre kampar med Sogndal på tampen av den aktive karriera. Wæhler debuterte på det norske landslaget i 2005 og var fast i troppen i mange år.

Må vera med

Wæhler var rask med å takka ja på spørsmål om han ville bli med i komane utgåve av turneringa.

– Så lenge eg er i form og tykkjer at fotball framleis er gøy, så stiller eg når eg blir spurd.

Wæhler tykkjer det er stas at turneringa har med landslag.

– Her får me moglegheit til å spela mot andre veteranlandslag, og det er litt meir stas enn å spela på klubblag sjølv om det også kan vera moro.

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2021-11-17 11:11:422022-09-11 10:15:42Drakta kjenner ingen alder

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Nedberge: Me er klare, dette blir kjekt. Link to: Nedberge: Me er klare, dette blir kjekt. Nedberge: Me er klare, dette blir kjekt. Link to: – Dette bli veldig gøy Link to: – Dette bli veldig gøy – Dette bli veldig gøy
Scroll to top Scroll to top Scroll to top