Eirik Bakke stiller for Norge
Sogndølen med 27 A-landskampar er klar for Veteranturneringa i januar.
-Dersom eg ikkje pådreg meg skade så blir eg nok med, sa Bakke då Roald snakka med han tidlegare i haust. Eirik er nett ferdig med trenarjobben i Sogndal for inneverande sesong, i tida framover må han ”spisse” eigen form – klar til å gjere sitt beste for Norge sitt veteranlandslag. I alle fall blir det kjekt for Eirik å møte tidlegare landslagskollegaer i kampen mot dei andre nordiske landa.
Eirik Bakke (42) starta seniorkarriera for moderklubben Sogndal i 1993 og avslutta for same klubb i 2012. Her spelte han to periodar frå 1993-1999 og frå 2011-2012). Den tekniske midtbanespelaren fekk til saman 122 kampar for Sogndal , og skåra 41 mål. Bakke spelte og 34 kampar for det norske U-landslaget.
Klubbar i tillegg til Sogndal: Leeds 1999-2006 (143 kampar/8 mål, Aston Villa (lån) 14 kampar/0 mål) Brann 2006-2010 (82 kampar/8 mål).
Steinar Kvigne