John Arne Riise: – Dette blir utruleg gøy
Mannen med flest A-landskampar for Norge (110) ser fram til å møte gamle lagkamerater i Lærdal i slutten av januar.
Då Roald Flodsand kontakta Riise i tidlegare i haust var han veldig positiv til å delta på det norske veteranlandslaget over nyttår.
-Klart eg er med. Dette høyrest utruleg gøy ut. Om det ikkje dukkar opp noko spesielt så kjem eg, sa ein positiv Riise.
Den tidlegare Liverpoolbacken starta karrieren i Ålesund i 1997, og avslutta med to kampar for Rollon i 2017. Ein utruleg karriere der han tillegg til 110 landskampar (21 mål) mellom anna var med å vinne mesterligaen for Liverpool i 2005. John Arne Riise (39 år) var kjent for knallhard innsats, stort engasjement, og ikkje minst susande frispark som ofte fann vegen til mål. Truleg får me sjå han i godt slag på Veterancupen i lag med Steffen Iversen og resten av det norske laget.
Riise spelte for desse klubbane: Ålesund(35 kampar i to periodar), Monaco ( 44/4mål), Liverpool (234/21 mål), Fulham (87/0 mål. I tillegg Apoel (Kypros), og dei to indiske klubbane Dehli Dynamos og Chennaiyind. Karrieren vart avslutta i klubben Rollon der han spelte to kampar. Riise har og mange kampar for aldersfastlagde landslag.
Steinar Kvigne