Veterancupen 2019: Oppsummering
Årets turnering var nr. 21 – med totalt 49 lag. Dette er ein liten tilbakegang- mest fordi i Old Boys gruppa var berre 2 lag påmeldt- og i tillegg forfall frå både Haugesund, Viking og Strømsgodset. Old Boys-laga fekk spela med i Veteran-gruppa, med innbyrdes finalekamp på laurdag.
Det var 16 damelag fordelt på klassane: Old Girls, Veteran Girls og Superveteran Girls
Vidare var det 33 herrelag. Desse var fordelt Veteran (inkl. to Old Boys lag) og Superveteran.
Totalt vart det spelt 113 kampar.
Det deltok ingen utanlandske lag i turneringa denne gongen. Turneringa var vellukka med stø hand om tilskipinga både i Aurland, Lærdal og Øvre Årdal. Aurland fekk denne gongen eit større kamptal – medan Årdal berre hadde kampar på fredag.
På laurdagskvelden var det stilig bankett på Lærdal Hotel.
Premieutdeling med Frithjof Wilborn som stø festleiar.
Årets VC-spelar
Kai Kilnes, Førde
![](http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/01/Kaupanger-Old-Girls-300x169.jpg)
Kaupanger sitt vinnarlag OG klassen. Framme: Hege Sæthre. Bak frå venstre: Åse Neraas, Aina Røyrvik Thorsnes, Katrine Wolff Bolseth, Kari Johannesen Bakke, Jori Skorve og Trine Ruud Sætre
![](http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/01/Sandviken-SVG-vinnar-2019-225x300.jpg)
Sandviken Superveteran Girls. Bak fra venstre: Gry Flaa, Kirsti Gytre, Trude Instebø Hansen, Laila Konglevoll. Framme fra venstre: Mette Hammersland, Ingvild Jarnes og Rebekka Skaar.
Finale-kampane vart denne gongen spelt i Aurland og Lærdal.
Sluttresultata vart:
Kvinner:
Old Girls (34+): Kaupanger – Sandviken 5-1
Veteran Girls (40+): Arna Bjørnar – Follese 3-2
Superveteran Girls (50+): Sandviken (seriespel 3 lag)
Menn:
Old Boys (34+): Lærdal – Skjergard 5-0
Veteran (40+): Bjarg – Hamkam 2-0
Superveteran (50+): Madla – Vålerenga 4-3
Pokalane er gitt av dRofus.
Beste spelar klassevis – premiar frå Hardanger Bestikk:
Old Girls (34+): Åse Nerås, Kaupanger
Veteran Girls (40+): Janicke Juvik, Follesø
Superveteran Girls (50+): Trude Instebø Hansen, Sandviken
Old Boys (34+): Øystein Lindesteg, Lærdal
Veteran (40+): Kai Kilnes , Førde
Superveteran (50+): Arvid Torsvik, Brann
Kai Kilnes, Førde vart kåra til turneringas beste spelar. Premien her er ein lenestol m/tilbehør frå Stordal Møbel.
Litt bilder: