• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Aristokratane frå Plankebyen stiller sterkt!

Aristokratane frå Plankebyen stiller sterkt!

Til liks med Ham Kam er Fredrikstad eitt av våre mest trufaste deltakarlag. Dei har vore med alle gonger minus ein. Den gongen «hospiterte» tre mann frå FFK med Vålerenga.

Tom Espen Fingarsen fortel om eit mannskap som no er klar til oppkøyring for Veterancup. Tre vekers oppkøyring multiplisert med 40 års rutine skulle vera solid grunnlag. Dei stiller med nokonlunde same lag som i fjor. I tillegg er dei forsterka med Arnfinn Moen og Espen Muggeby frå Vålerenga. På toppen av dette har dei med kjenningane Pekka og DJ Arnesen (Finn Erik). Sistnemnde lovar å syta for musikalsk stemning på Kvammes laurdag ettermiddag.

 

Når det gjeld sportslege ambisjonar, så seier Tom Espen at dei tek ein kamp om gongen og ser saka an. Der er mange gode lag i 50-klassen. Tom nemner i farten Strømmen, Sogndal og Brann før han plussar på med Viking og Bærum som vann for to år sidan. Når det gjeld sosiale ambisjonar, så er det å ha det GØY!

 

Uansett er Fredrikstad eit lag å rekna med i Veterancup. Me ynskjer vel møtt!

 

 

Lars Einar Torsnes

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2016-01-07 00:00:002016-01-07 00:00:00Aristokratane frå Plankebyen stiller sterkt!

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Ham-Kam, no også med erfaring frå glattisen! Link to: Ham-Kam, no også med erfaring frå glattisen! Ham-Kam, no også med erfaring frå glattisen! Link to: Manchester United kjem til Veterancup 2016! Link to: Manchester United kjem til Veterancup 2016! Manchester United kjem til Veterancup 2016!
Scroll to top Scroll to top Scroll to top