• Link to Facebook
VeteranCup
  • Heim
  • Regionen
  • Overnatting
  • Turnering
  • Transport
  • Historie
  • Biletarkiv
  • Påmelding
  • Kontakt oss
  • Click to open the search input field Click to open the search input field Søk
  • Menu Menu
Du er her: Hjem1 / Arkiv2 / Intervjuet: Eva Gangstad – Midsund Old Girls

Intervjuet: Eva Gangstad – Midsund Old Girls

Denne gong er turen komme til Midsund Old Girls og Eva Gangstad. Les hennar tankar om årets Veterancup.Kva heiter du og kor held du til i det daglege?

Eva Gangstad, bur i Midsund, ein øy-kommune med vel 2000 innbyggjarar, som i luftlinje ligg midt mellom Ålesund og Molde – men me sei «i», så Molde er byen vår! ?

                               

Kva lag spelar du for under veterancup 2015?

Midsund O(M)G

 

Kva klasse deltek de i?

Old Girls.

 

Kan du seie noko om spelarane på laget – kva lag har dei spela for i serien tidlegare år?

Me er 8 utskremte spelarar i år, alderen er frå 34 – 48 år. Me har spela fotball i lag i frå 15 – 25 år. Alltid for Midsund! Me er aktive enno – saman med døtrer, tanteungar osv…. Alle bidreg vi/har bidratt aktivt i klubben som styremedlemmer, trenarar, dommarar, oppmenn osv…

                               

Kva veterancup-deltaking huksar de best, og kvifor?

Me huskar godt vårt første år, trur det var i 2007. Minibuss, drittvær, holkeføre over Hornindal, eit utal tissepauser av ymse årsaker – og det var KALDT i Lærdal!! Men du verden så kjekt me hadde det! Damer var i fåtal under banketten og vi sat strategisk til, rett ved dansegolvet, og bydd opp til dans vart me. Bordet vart også brukt som dansegolv – heilt til vaktene røska oss ned att. Trur me følte oss litt heime frå første sekund. Med unntak av 2013 har me vore på cupen kvart år sidan – fordi det er så utruleg kjekt.

 

Kva ambisjonar har de for 2015-cupen – blir de å sjå i finalespel?

Finalespel sjølvsagt – me har allereie ei inne-trening bak oss, der me på mirakuløst vis klarte å unngå meir enn ein strekkskade kvar, så me føler me er i siget og godt i gang….

 

Kven tenker du er dei tøffaste konkurrentane i kampen om gullet?

Tøffaste konkurrenten er nok oss sjølv skal du sjå, men Kaupanger kan by på trøbbel… Trur du ikkje det, Mona?

 

Tusen takk!

 

 

Velkomne til Veterancup 2015!

Del dette innlegget
  • Del med Facebook
  • Del med X
  • Del med epost
http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png 0 0 Veterancup http://veterancup.no/wp-content/uploads/2019/02/logo_ny-300x138.png Veterancup2015-01-13 00:00:002015-01-13 00:00:00Intervjuet: Eva Gangstad – Midsund Old Girls

Hovudsponsor

Sogn Sparebank

Samarbeidspartner

Tide
Lærdal Hotel
Hydro
Infraplast

Supporterlaget

Sognenett
dRofus
Stordal
Hardangerbestikk
Agnitio
Argus Remote Systems AS
Toyota Sogn AS
Sogndal Bilpleie & Sogndal Bilutleige AS
Lerum
Flamsbana
Laerdalsoren Hotel
Lærdal Kommune
Aurland Kommune
Årdal Kommune
Link to: Puljeoppsett Link to: Puljeoppsett Puljeoppsett Link to: Veteran 50: Fjorårsvinnar Bærum er klar! Link to: Veteran 50: Fjorårsvinnar Bærum er klar! Veteran 50: Fjorårsvinnar Bærum er klar!
Scroll to top Scroll to top Scroll to top