Sandviken er med!

Sandviken sine damer er sikre kort i Veterancup år etter år. Me fekk kontakt med Mette Hammersland, i full sving med søndagstreninga i Norrønahallen. Mette fortel at dei trenar ein gong for veka inne i hallen, og at dei trenar kvar onsdag i Stoltzekleiven, det siste for å vera klar til å klatra på tabellen…

Mette fortel at spelarane gler seg til turneringa, som vanleg, og at det stort sett er same gjengen som er med år etter år. Dei reknar seg som godt vaksne og rutinerte, og dei vil gjerne visa at dei gamle er eldst!  Ho fortel også at 4-5 av desse damene har halde på med fotball saman sidan 1976, imponerande når me i tillegg tenkjer på at dei var blant pionerane i jente-/damefotballen i Hordaland.

 Mette nemner, som alle andre, det sosiale når ho skal trekkja fram plussfaktorar i Veterancup. Ho set også pris på å få spela i Lærdal. I år skal dei også til Årdal, og dette reknar ho som krydder i Veterancuptilværet. I tillegg får dei høve til å sjå old girls-laget sitt i aksjon, og, som Mette seier: «Vi må jo passe på disse ungdommene»!

 Dei sportslege ambisjonane er å koma så langt som råd eller i alle fall over sisteplassen i pulja. Mette reknar Arna-Bjørnar og Klepp som dei sterkaste i Veteran dame med Follese som ein meget farleg outsider.

 Me takkar for praten og ynskjer vel møtt til Sandviken!

 

 

Lars Einar Torsnes